Så nøgd er Terje etter tre poeng i første forsøk på heimebane

Florø - Kongsvinger 1-0

DEL

Det kunne ikkje enda betre. Ein feilfri Frenderup i mål skulle halde nullen, og på tampen fekk heimelaget scoringa som gav dei tre viktige poeng. 

For Florø var hardt pressa i periodar. Kongsvinger hadde eit skot på innsida av stolpen i 1. omgang som var millimeter frå å gå inn. Alt i alt var nok KIF det beste laget før pause. Men etter kvilen gjorde heimelaget strukturelle grep som endra kampen.

Dei senka midten i 4-5-1 og 4-3-3 med ball og då klarte ikkje Kongsvinger å føre kampen slik dei gjorde i 1. omgang. Det gav færre brot på midten, fleire overgangar og jobbe med, og til slutt skulle det sikre Florø sigeren.

1-0: Peter Aase scorar det einaste målet i kampen med berre fire minutt att på kampuret.

1-0: Peter Aase scorar det einaste målet i kampen med berre fire minutt att på kampuret.

Den store helten var naturlegnok Peter Aase. Han er ein midtbanekrigar av dei sjeldne og sprang seg tom. Men fire minutt før full tid, hadde han framleis nok på tanken til å sikre si første nettkjenning for året.

– Eg har eit mål om å score fleire mål i år. Skal eg klare det må eg skyte meir. På grunn av ei litt ujamn bane var det ikkje det beste treffet, men eg såg han gjekk i hjørnet, og då gjer det ingenting, seier Aase og gliser.

Terje Rognsø er samd med at dei hang litt i taua i 1. omgang, og var heldige at dei ikkje låg bakpå.

SKAL HA SJU: - Eg har eit mål om å score sju mål i år, seier Peter Aase som vart matchvinnar mot Kongsvinger.

SKAL HA SJU: - Eg har eit mål om å score sju mål i år, seier Peter Aase som vart matchvinnar mot Kongsvinger.

– Kongsvinger er eit godt lag, og når vi følger kampplan og får strukturen til å sitte i 2. omgang, då kom det opningar vi heldigvis klarte å utnytte. Utruleg godt å få den første heimesigeren, seier Rognsø som såg letta ut.

No har han fått starten han drøymde om. For skulle dei tape borte mot Aalesund søndag har han allereie fått ein god start.

Skuffa

Kongsvinger-trenar Hans Erik Hansen (NB: Ikkje trenar i Florø Fotball med same namn) var naturlegnok skuffa over at dei tapar på slutten.

– Eg snakka ein av dei tre KIF-supporterane som hadde teke turen over fjellet etter 1. omgang. Han hevda Kongsvinger såg mykje betre ut i 1. omgang mot Florø enn dei gjorde mot Viking på heimebane i 1. runde, og håpa at KIF var ferdig med å sleppe inn håplause mål på slutten. Kva har du å seie til dei no?

– Ja vi er nok naturlegnok skuffa. Vi er ikkje flinke og kontante nok til å komme i føringa i 1. omgang og det må du i Obosligaen skal du kjempe om poenga. Eg meiner det er ein tilfeldig situasjon som gjer Florø 1–0. Men vi gjer mykje bra i denne kampen mot ein tøff motstandar på bortebane, seier Hansen.

JUBEL: Det var ein letta gjeng som tok tre slitepoeng i den første heimekampen.

JUBEL: Det var ein letta gjeng som tok tre slitepoeng i den første heimekampen.

Føre skjema

I fjor tok det seks rundar før Florø tok sin første siger. Det var borte mot Fredrikstad. Men 11. rundar tok det før dei tok sin første siger heime. Då skreiv vi 4. juni.

Vi kan konstatere at Florø har fått ein god start og kan reise til Ålesund med sjølvtillit. Og der har dei også gode minner skal vi tru Peter Aase.

– Vi reiser ikkje til Color Line med hua i handa. Det gjorde vi i 1.-omgangen då vi møtte dei i vinter. Men i andreomgangen tora vi meir og var etter mi meining betre enn dei. Så vi gler oss til å møte Aalesund søndag, seier Aase. 

Artikkeltags