Verftet treng kvinner

Jentene på Westcon: Amalie Svardal, Marie Stensvoll, Verftssleiar Mikael Johansen, Ellinora Høyvik Grimelid, Trine Asp Sande og Henni Humlestøl. Foto: AHJ

Jentene på Westcon: Amalie Svardal, Marie Stensvoll, Verftssleiar Mikael Johansen, Ellinora Høyvik Grimelid, Trine Asp Sande og Henni Humlestøl. Foto: AHJ

FLORØ: I november var Marie Stensvoll den einaste jenta på teknisk avdeling på Westcon. No er dei fem.

DEL

Kvinnene har for lengst gjort sitt inntog i yrkeslivet. Tradisjonelle mannsbastionar har falt, ein etter ein, men på eit område har utviklinga gått litt meir trått. Berre ein av fem ingeniørstudentar i Norge er kvinner. Men også her er ting i endring, og Westcon er med og dyttar utviklinga rett veg.

– Vi ønsker å bidra til at andelen aukar, fortel Mikael Johansen. Som sjef for Westcon i Florø har han auka kvinnerepresentasjonen på teknisk avdeling frå ein til fem. To av dei er utdanna ved ingeniørutdanninga her i Florø.

Bra for arbeidsmiljøet

Både verftsindustrien, og ingeniøryrket er mannsdominert, men Westcon er aktive i å rekruttere kvinner. Mikael Johansen seier at det har vore svært positivt å få kvinner inn i miljøet.

– Dei kjem med kvalitetar som vi manglar utan tvil. Eg trur det er rett å seie at dei generelt er meir nøye. Og dei endrar miljøet på arbeidsplassen til det betre.

– Du har tidlegare sagt til Firdaposten at du ikkje gjer skilnad på kjønn ved tilsettingar. At det er kompetansen som er det viktige. Når vi nå sit her med fem jenter, betyr det rett og slett at det var dei beste blant søkarane?

– Ja. Når eg tilsette Amalie Svardal her, tok eg kontakt med Øyvind Østrem og bad om namnet på dei to beste studentane på subsea-studiet. Det fekk eg.

Fars fotspor

Amalie Svardal kjem rett frå skulebenken, og har berre vore tilsett ved Westcon nokre veker. Her har ho fått ansvar med ein gong, og er veldig glad for å vere på plass. At ho valde å bli ingeniør skuldar ho på far sin.

– Eg har ein far som jobbar i oljebransjen. Han har alltid fortalt historier, og vist bilde, så eg blei veldig interessert på den måten. Når ingeniørutdanninga kom til Florø hoppa eg på det, og sidan har eg ikkje sett meg tilbake. Her på Westcon har eg blitt kasta rett i det. Det er gøy, men også ein veldig bratt læringskurve.

– Eg kunne ikkje fått ein betre jobb, men det er veldig travelt, seier Ellinora Høyvik Grimelid. Også ho er utdanna i Florø, men kjem opphavleg frå Sogn. Ho gjer også faren litt av æra for at ho enda opp som ingeniør.

– Eg er nok litt pappadalt. Eg pleidde å vere med i garasjen når pappa mekka sykkel. Og så har eg ein mor i Nordsjøen og blei anbefalt å gå denne vegen.

Brei utdanning

Trine Asp Sande er den nye traineen som Westcon har henta inn i samarbeid med Framtidsfylket. Henni Humlestøl derimot starta på verftet for første gong så tidleg som i 1989. Marie Stensvoll har Firdaposten skrevet om før. Ho har vore trainee i eit år, og går no over i fast stilling. Ho tilrår ingeniørstudiet.

– Det er ein brei utdanning med veldig mange relevante fagretningar, både innanfor Westcon og generelt. Veldig spennande.

Artikkeltags