Holegruppen slått konkurs

Artikkelen er over 3 år gammel

Selskapet som overtok det tradisjonsrike glassfirmaet Solberg og Hellebust i Florø har slått seg konkurs.

DEL

Styret i Holegruppen vedtok torsdag å be om oppbod for holdingselskapet (Hole Gruppen AS) og dotterselskapet Hole Glass AS, opplyser styret i ei pressemelding.

Vedtaket kjem etter ein periode med sterk vekst i gruppa, etablering av dotterselskap i Florø, Åndalsnes og Odda, kombinert med sviktande lønnsemd i store prosjekt, opplyser dei ifølge Bergens Tidende. .

I samarbeid med Danske Bank held fram drifta i Hole Lås AS som vanleg, heiter det i pressemeldinga.

Det er i dag 125 tilsette i Holegruppen, som blir direkte eller indirekte råka av konkursen. Ingen av desse er oppsagt.

«Styret arbeider tett med tilsette, kundar og leverandørar i denne vanskelege situasjonen. Dei tilsette har mottatt lønn ut oktober, og vil få dekka vidare lønn og feriepengar gjennom den statlege lønnsgarantiordningen. I samarbeid med panthavar prøvar ein no å finne løysingar som kan sikre framleis drift for de ulike selskapa i gruppa. Dette arbeidet vil bli vidareført av bustyret» heiter det i pressemeldinga.

Holegruppa består av Hole Glass As, Hole Lås As, Hole Odda As, Hole Florø As og Hole Åndalsnes As. Omsetninga i konsernet i 2016 er venta å ende på 160 millionar kroner.

Artikkeltags