«Landar kula på 19.90 m. kjem heile Florø til å høyre det»

20 METER: Det er ikkje mykje om å gjere før Marcus Thomsen bryt den magiske 20 metersstreken. Skjer det i Florø blir det leven, lovar vossingen. Foto: NTB

20 METER: Det er ikkje mykje om å gjere før Marcus Thomsen bryt den magiske 20 metersstreken. Skjer det i Florø blir det leven, lovar vossingen. Foto: NTB

Artikkelen er over 1 år gammel

KULE: Junioreuropameisteren kjem frå Voss og konkurrerer for Tjalve. No har han EM-kravet i siktet.

DEL

Kule er den idretten som produserer mest kraft på kortast tid. Det er den mest eksplosive av alle idrettar, og Norge har eit kjempetalent i kuleringen som har planar om å detonere for Norge i mange år framover.

Marcus Thomsen er mannen som er regjerande europameister i U20 klassen. Merk deg namnet. Han vart 20 år i februar og er no på jakt etter EM-kravet med seniorkula (7.26 kilo).

Det er ein månad sidan han var på treningsleir i USA og 2. juni skal han vere i form. Støyter han 19.90 meter i Florø er EM-billetten i boks.

– Klarer eg EM kravet under Friidrettsfestivalen i Florø så skal eg sørge for at alle høyrer det, lovar vossingen.

Det er ikkje like stabilt å rotere, men om du treff, så går kula lengre.

Marcus Thomsen, Kule

Han bur no utanfor Oslo og satsar 100 prosent på idretten sin. Målet for sesongen er EM i Berlin, men skal han klare det er det 19.90 meter som skal passerast.

Kravet

– Eg ønskjer å ta kravet allereie i Florø. Kjem det tett opp mot EM så kan det bli stress, så eg tek sikte på å treffe perfekt i Florø.

I motsetning til dei gamle heltane så støyter Thomsen med rotasjon.

Det er som kuleversjonen av V-stilen i skihopping berre motsett når det handlar om stabilitet. Rotasjon framfor hink er vanskelegare, men treff du så går kula lengre. Det er i alle fall den enkle perspektivet på dei to kastmetodane. Thomsen kastar med rotasjon og alt ligg til rette for at han skal når målet sitt om å bli den beste.

Global gjeng

No er han del av treningsgruppa «Global throwing» organisert rundt den islandske trenaren Vésteinn Hafsteinsson. Der er diskoskongen svenske Daniel Ståhl og kulestøytaren Mesud Pezer frå Bosnia & Herzegovina (21.40m) med.

I denne gruppa finn han inspirasjonen til å bli så god som han kan bli, og han har ikkje dårleg tid.

– Kule er ein gammalmannssport. Eg er berre 20 år og skal ta dette steg for steg, seier Thomsen.

Han her allereie perspektivet og veit det er når han er mellom 27 og 30 år han kanskje er på sitt beste. Då handlar det om å halde motivasjonen oppe dei neste fem åra slik at han klarer å nå potensialet sitt. For ut ifrå kva han allereie har levert, ser idrettskarrieren til den lyslugga vikingen svært så lys ut.

Artikkeltags