Tilbake på 400 hekk

I SVEITS: Øyvind Kjerpeset konkurrerte for Norge på Leziground Stadion i Zürich i 2014. No er han tilbake på langhekken.

I SVEITS: Øyvind Kjerpeset konkurrerte for Norge på Leziground Stadion i Zürich i 2014. No er han tilbake på langhekken.

Artikkelen er over 1 år gammel

400 METER HEKK: I fjor droppa Øyvind Strømmen Kjerpeset langhekken til fordel for sprint, men i haust kom motivasjonen igjen.

DEL

– Eg fekk plutseleg motivasjon til å trene dei tunge øktene som må til for å bli god på langhekken i haust, fortel Strømmen Kjerpeset.

I fjor satsa han på 100 meter og 200 meter som er meir takknemlege øvingar å trene til. For 400 meter hekk krev meir av deg på det mentale plan. Då han ikkje lukkast med å kvalifisere seg til OL i London 2016 gjorde det noko med motivasjonen. Utan motivasjon kan du berre gløyme korthekken.

– Skal du bli god på 400 meter hekk krev det meir uthaldelsestrening. Når du skal presse deg med syre i beina må ha den indre gløden og motivasjonen, seier Strømmen Kjerpeset og vedgår motivasjonen fekk eit skot for baugen då OL-kravet gjekk fløyten.

Men i haust snudde det.

– Eg testa nokre økter og likte det. Så er det EM i Berlin i år og då fann eg ut at det er 400 hekk eg ønskjer å satse på likevel.

Pers i det fjerne

Det er fem år sidan Øyvind Strømmen Kjerpeset var på sitt beste. Gjennombrotet kom i Gateshead der han kom under 50 sekund på langhekken.

Rekorden på 49.98 forbetra han under Värdsungdomsspelen i Göteborg veka etter med tre hundredelar og 49.95 sekund.

Men dette var i 2013 og fem år sidan. Tida sidan har han slite med skader og sjukdom.

I 2014 hadde han plantar facitt, som er betennelse i sena under foten. Denne skaden kom på sommaren i 2014 og han nytta eit halvt år på å rehabilitere meg. Det gjorde til at oppkøyringa til 2015 sesongen. I 2016 fekk han nesten to månader opphald i treninga på grunn av lungeproblem som hindra trening. Året etter fekk han diagnosen kronisk biholebetennelse slik at han måtte opererast i 2017.

Fire år med kluss

Så 2014–2015 sesongen vart øydelagt av foten, og i 2016 og 2017 vart treninga i vårmånadene øydelagt av biholene.

Denne vinteren har han derimot trent godt.

– I vinter har det gått veldig bra. Eg er nøgd med treningsarbeidet som er gjort. Eg er håpefull, men eg har drive med dette så mange år at eg veit at det ikkje nødvendigvis går så bra som eg håper og trur. Eg er forsiktig optimist, og håpefull over kva sesongen vil bringe.

– Trur du på pers?

– Er du ung så er du ikkje nøgd om du ikkje persar kvar helg. Set eg pers i år så veit eg ikkje korleis eg skal reagere.

– Er det eit område du tru du kan bli betre?

– Det handlar om å bli litt betre på alt. Det er små marginar i denne idretten. I 2016 sprang eg på 50, 3, så frå der til 49-talet er marginalt. Eg meiner eg har blitt betre til å justere treninga og generelt sett er eg ein betre idrettsutøvar. Det håpar eg viser att i resultat.

Håpefull

– Har du testar frå i vinter som fortel at du er på rett veg?

– Eg har hatt ganske lovande treningsresultat, men eg har også drive med idrett lenge nok til å vite at gode testar ikkje er det same som at eg kan forvente pers. Alt må stemme på ei 400 meter hekk, seier florøværingen.

Han kan stadfeste er at han ikkje har trent så bra sidan han sette persen sin i 2013. Men noko garanti vil han ikkje gi.

– No er eg blitt 26 år og det er lov å håpe på at eg ar blitt noko betre, seier han og vedgår det ikkje er noko ulempe å ha vore sprintar dei siste sesongane.

Drøymer om finale

NM Friidrett 2014. 400 m. hekk var Øyvind S. Kjerpeset i en klasse for seg med vinnertiden 51.21. Dette er fire aar sidan, og no er han tilbake.  Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

NM Friidrett 2014. 400 m. hekk var Øyvind S. Kjerpeset i en klasse for seg med vinnertiden 51.21. Dette er fire aar sidan, og no er han tilbake. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Når han målet om å springe på 49-talet denne sesongen meiner han det er lov å håpe på ein EM-finale. Der ligg hovudfokuset. NM-gull har han slått frå seg.

– Det er litt kjipt på NM at verdsmeisteren er norsk, men draumen min er å perse.

– Det er ikkje noko samarbeid mellom Karsten Warholm sitt team og deg?

– Nei. Det er ikkje noko samarbeid.

– Kunne du ikkje tenke deg å vere ein del av det teamet for å bli betre?

– Det har ikkje vore tema. For det første har eg min eigen trenar i Eystein Enoksen så har eg ei eiga treningsgruppe eg trivast veldig godt i. Eg har dessutan eit opplegg som fungerer godt for meg, svarar den tidlegare kongepokalvinnaren.

I år er målet å komme på 49-talet igjen. Kor det ber derifrå vil tida eventuelt vise.

I helga sesongopna han på 400 meter hekk i Alst i Belgia. Så blir det Norge og Florø Friidrettsfestival. Banerekorden i Florø tilhøyrar Karsten Warholm frå 2016 og er på sterke 49.67.

Den er nok i det kvassaste sjiktet for Strømmen Kjerpeset, men det har vore fleire utøvarar som har fått alt til å stemme og har overraska større i Florø opp gjennom dei siste 24 åra.

Artikkeltags