"Boksopnar" i trening

ENGASJERT: Endre Kupen fortel det er langt verre å stå på sidelinja enn å spele. - Eg kan ikkje forhaste meg med den skaden eg har hatt, men det står ikkje på lysta, seier han.

ENGASJERT: Endre Kupen fortel det er langt verre å stå på sidelinja enn å spele. - Eg kan ikkje forhaste meg med den skaden eg har hatt, men det står ikkje på lysta, seier han. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Toppscoraren i PostNord-ligaen i fjor, Endre Kupen starta Obosligaen med å score for Florø etter berre seks minutt. Men ikkje lenge etterpå fekk han ei kjenning på baksida av låret og i lysken som sette han ut. Det var i 2.-omgangen i den andre runden borte mot Strømmen. Sidan har han vore meir eller mindre ute.

I fjor var overgangsspelet og den kjappe målsniken ein kjempesuksess. Og det er ikkje å unngå at Florø har vore prega av at Kupen ikkje har vore på bana dei sju siste kampane. Han har vore spelaren som har vore eminent feilvendt, ein som kan halde ballen og komme seg fri frå stopparar og skape farlege situasjonar ut frå ingenting. Eller som trenar Terje Rognsø kallar han: «boksopnaren». Og ein boksopnar har mangla sålangt. 

Godt forsvar – magert angrep

Før kampen mot Bodø/Glimt var statistikken til Florø god. Dei hadde slept inn like mange mål som topplaget, men hadde scora berre ein tredel. Altså, forsvaret er godt, men angrepet manglar noko. Dei scorar ikkje mål. Rashad Mohammed som avslutta fjoråret med to kjappe mål på tampen borte mot Lørenskog, og som banka inn to, også på tampen, borte mot Førde i 1. runde av cupen, har til gode å teikne seg på scoringslista i Obosligaen. Mange meiner at det Florø manglar er Endre Kupen.

Helst vil eg spele alle kampane, men eg har innsett at det er viktig å lytte til medisinske råd

Endre Kupen, Florø Fotball

No har han vore i trening, men vil likevel ikkje haste seg tilbake.

Vil lytte til råd

– Det står ikkje på lysta, eg vil jo spele kvar einaste kamp. Men med ein slik strekkskade kan eg ikkje ta sjansar. Kampen mot Fana er eg uaktuell. Eg har snakka litt med naprapaten vår Kim Are Jacobsen, og han meiner eg treng ei god treningsveke før eg skal våge meg i kamp.

– Så du er aktuell til bortekampen mot Kongsvinger?

– Kanskje, eg veit ikkje. Dette er ein diskusjon eg må ta med Terje og det medisinske teamet. Det kan vere svært uheldig å spele for tidleg og slå opp igjen skaden. Eg vil jo spele kvar einaste kamp det skal det ikkje vere noko tvil om, men eg trur det er viktig for meg å høyre på medisinske råd no, så eg ikkje slår skaden opp igjen, seier han. Han har vore i lett trening dei siste dagane og har ikkje hatt noko kjenning med lyskeskaden. Mykje tyder på at Kupen først blir å sjå heime mot Sandnes Ulf 4. juni.   

I tillegg til Kupen har også Christer Husa vore i trening denne veka. Han var også på benken mot Bodø/Glimt. Kristoffer Ryland, André Frøyen Reksten og Halvor Solheim-Olsen sine skader, er alle meir usikre.    

Artikkeltags