Sprintprinsessa

VIL OPP OG FRAM: Helene Rønningen er berre 18 år og har allereie tatt ein av Ezinne Okparaebo (t.v.) sine rekordar. På testane i vinter har pilene peika tydeleg ein veg. Oppover. Foto: NTB

VIL OPP OG FRAM: Helene Rønningen er berre 18 år og har allereie tatt ein av Ezinne Okparaebo (t.v.) sine rekordar. På testane i vinter har pilene peika tydeleg ein veg. Oppover. Foto: NTB

Artikkelen er over 2 år gammel

SPRINT: Ho har sprunge i skuggen bak Ezinne Okparaebo dei siste to åra, men no vil junioren Helene Rønningen (18) fram i lyset.

DEL

Før var det starten eg var best på, no er det toppfarten.

Helene Rønningen, sprintar Tyrving

Ho kjem til å delta både på 100 og 200 meter i Florø. Jenta frå Tyrving er venta å bli den neste norske sprint-dronninga. Og ho kunne ikkje starta sesongen betre. Ho sette ny norsk innandørsrekord på 200 meter på heimebane i Rudshallen i januar. Ho har vore den klart beste bak Ezinne Okparaebo dei siste to sesongane sjølv om ho berre er 18 år. No gler ho seg til å starte utandørssesongen.

– Eg er veldig spent og veit ikkje heilt kor god eg er. Ut frå testane i vinter trur eg at eg kjem til å bli sterkast på 200 meter, seier ho.

På sikt er målet å ta tidene til Ezinne Okparaebo, og då spesielt 200 meter-rekorden ho sette i Florø i 2012.

– Det er ikkje så langt ned til rekorden på 23.30, så den har eg i sikte, seier Rønnningen som helst ville satsa på 100 meter.

– Før var det starten eg var best på, men no er eg betre på toppfart og avslutning. Det har nok litt med kva du har lagt vekt på. Eg synest i utgangspunktet at 200 meter er litt for langt, men det er jo dumt å ikkje satse på det du er best på tenker no eg, seier Rønningen og ler.

Det er Stefan Johanson som er trenaren hennar i Tyrving, men ho blir også trent av pappa. Hans-Rune Rønningen. Han er i trenarteamet til Tyrving og tett på også sportsleg. Han meiner dottera kan nå langt.

– Eg trur ho kan bli blant dei betre sprintarane i Europa på seniorsida. Å nå ein finale i eit EM er første målsettinga. No er det jo junior-EM til sommaren, og vere i finale på 100 og 200 meter der er jo eit mål.

– Ut i frå statistikkane må ho vel vere i medaljekampen på juniorsida?

– Helene blir litt grinete på meg om eg er for offensiv på dette, men ho har medaljesjansar, ho har jo det.

– Kva trur du om 2017-sesongen?

– Ho har trent bra i vinter og vore skadefri. Ho har rett nok komme litt seint igang på grunn av ein halsbetennelse, men vi er positive til sesongen. Pilene og testresultata peikar i alle fall i rett retning. Når ho i tillegg er positiv på trening og motivert så er mykje gjort, seier Rønningen.

I vinter har det vore jobba spesifikt med steglengde og far Rønningen meiner dette kan vere med å ta eit par tidelar.

– Sprint handlar om frekvens, flytid, kontakttid med underlaget. Får du lengre steg med same frekvens og kontakttid så går det raskare, slik er fysikken i det, forklarar han.

Sjølv om Helene Rønningen som Ezinne Okparaebo ikkje er av dei høgaste, men eksplosiv, er ho i motsetning til Okparaebo betre på fart enn på start.

– I yngre dagar var det starten ho var best på, men i seinare år er det toppfarten ho er best på. Ho har heilt klart meir å hente på starten.

For å kunne satse på idretten sin og ikkje bli tvungen til å prioritere bort skule, har ho no valt å ta vidaregåande på fire år.

Ho har god trenar i Stefan og sprintguru Leif Olav Alnes som mentor og no er vegen mot sprinttrona lagt.

Det blir bygga god matching kring Helene i Florø der fleire av konkurrentane har tider rundt 11.20-11.30 på 100 meter. Sjølve er stortalentet til Tyrving klar. – Eg trur det blir tøff konkurranse i Florø, men eg vil jo vinne, eg vil jo det, avsluttar ho.

Artikkeltags