Det umoglege tar berre litt lengre tid

GIRL POWER: Margrete Renstrøm er ikkje som alle andre. Ho vil ta norsk rekord med begge bein. Det er ikkje gjort før.  Foto: NTB

GIRL POWER: Margrete Renstrøm er ikkje som alle andre. Ho vil ta norsk rekord med begge bein. Det er ikkje gjort før. Foto: NTB

Artikkelen er over 2 år gammel

LENGDE: Egebergs Ærespris går til utøvarar som utmerker seg i fleire idrettar. Margrete Renstrøm vil bli best med begge bein i den same.

DEL

Margrete Renstrøm (32) er Berith Berthelsens overkvinne. Det var ho som sletta den legendariske rekorden i lengde frå 1968 på 6.56 meter.

Det gjorde ho i EM 2010 Barcelona med eit hopp på 6.68, og det den ståande norske rekorden i dag. Ein centimeter kortare hoppa ho i Helsinki EM i 2012 som gav ho EM-bronse i øvinga.

Renstrøm er i dag 32 år og jobbar som fysioterapeut. Ho fekk ein skade i satsfoten sin under OL i London i 2012 som mange meinte ville vere karriere-avbrytande. Det var det verste som kunne skje. Ein slik skade, som potensielt ville gjere ho idrettsinvalid om ho heldt fram, skjedde fem minutt før OL skulle i gang. Attpåtil då ho var i sitt livs form.

Råsterk psyke

Nedturen sommaren 2012, under OL-ringane i London må ein vere toppidrettsutøvar for i det heile tatt å kunne fatte. Men det må du også for å skjøne styrken ho henta fram for å gå på igjen.

– Kva kan eg seie, eg elskar å hoppe lengde, seier den sympatiske Søgne-jenta. Ho visste det vanvittige arbeidet som skulle til for å komme tilbake.

Å byte satsfot i lengde er å lære å hoppe på nytt. Satsen og svevfasen ho har no er også heilt annleis frå den ho hadde med sats på høgrefoten.

– Ser du videoar av meg då, og no, kan du ikkje tru at det er same utøvaren, fortel Renstrøm.

Med å byte satsfot viste ho kritikarane at det var mogleg. No er på full fart tilbake ho er raskare og sterkare enn nokon gong også psykisk. For mentalt visste ho at ho måtte gjennom tøffe påkjenningar. Ho visste at eit år utan trening ville sette ho langt tilbake. Ho visste også at dei neste to sesongane måtte ho tole å prestere dårleg. Ho hadde heller ikkje noko garanti for at ho ville kunne komme tilbake på nivået ho var på. Så motivasjonen Margrete Renstrøm har til å hoppe lengde i norgestoppen, er av ei anna verd.

Fekk svar

Ho bestemte seg for å prøve. Utan særleg teknikk og tanke på korleis dette ville bli starta ho med å hoppe på vestre fot. Det fungerte. Ho hoppa nesten seks meter. I NM året etter vart ho nummer to og passerte seksmeteren. No kom motivasjonen for alvor. I fjor kom svaret. Ho klinka til med 6.42 meter. I år trur ho at ho kan vere tilbake på nivået då ho sette norske rekord.

– Eg er like god, og kanskje endå litt betre enn då eg sette rekorden, seier Renstrøm, som gler seg til Florø. Ho meiner stemninga i Kystbyen kan få lengdehopparane til å yte det vesle ekstra som skal til. I Florø er det som alltid god matching der ho mellom anna møter norgestoppen i Nadia Akpana Assa (21) som også er på jakt etter den norske rekorden.

Artikkeltags