Gjer endringar frå Mjøndalen-kampen

GLER SEG: Trenar Terje Rognsø gler seg til den første heimekampen i år.

GLER SEG: Trenar Terje Rognsø gler seg til den første heimekampen i år.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Slik det ser ut no nok til å gjere nokre endringar frå Mjøndalen-kampen, seier Terje Rognsø før serieopninga heime søndag.

Runar Hove slo som kjent opp skaden som han har slite med i vinter og er ute på uviss tid. Men inn igjen kjem kaptein Vegar Gjermundstad som måtte sone den første kampen grunna raudt kort i siste seriekamp borte mot Jerv i haust.

Kapteinen tilbake

No er veimingen klar og vil mest truleg stå i tospann med Simen Reksten Solheim i midtforsvaret. Reksten Solheim, eller "Pepper og Salt" som Florarevyen syng om i sin hyllest om florøpoteta, gjorde sine saker solid på Isachsen og vil nok vere vanskeleg å komme bort frå på stopparplassen med Hove ute.

  • Høyr den nye fotballåten her:

Rognsø er klar på at han vil ha større presisjon og trykk i det offensive spelet. Her klogga det litt borte mot Mjøndalen. Då hadde Florø jobba spesielt med den defensive strukturen som også passiviserte heimelaget sist søndag. Men offensiv var det dårlegare samhandling.

Det betyr truleg at Halvor Solheim-Olsen som er rapportert i storform vil ligge høgre i bana.

Kongsvinger har blafra med lommeboka no rett før overgangsvindauget stengde og handla mellom anna eliteseriespissen Ibrahim frå FK Haugesund.

– Ibrahim er ein god spelar, og han kjenner vi til, seier Rognsø og meiner Kongsvinger er eit ballsikkert lag som likar, og er flinke til, å ha ballen i laget.

Korleis blir bana

Det er bestemt at det blir kamp, men det er framleis eit usikkerheitsmoment føre kampen kor godt bana held.

– Den ser grei ut. I høve til opninga i fjor då vi hadde Jerv her, så var matta grønare, men eg er ikkje sikker på at den var like god som no. Banemann Even Hamn har gjort ein kjempejobb, men vi veit ikkje heilt korleis bana blir å spele på, seier Rognsø. Han siktar til kor tung bana blir å spele på og kor mykje den suger.

– Uansett blir det herleg å spele heime for første gong i år, alle treningskampane så langt i år har vi måtta spele ute, og den siste "heimekampen» gjekk i Svelgen, så no gler vi oss til å spele føre Stimen igjen, seier trenaren.

Runde 2 Obosligaen

Artikkeltags