Yppa seg mot dei største

BESTEMANN: Jakob Aven (her i svevet) vart kåra til Florø sin bestemann i dei to første kampane denne Lerøy-runden. I den siste kampen var det Jonas Frøyen som gjekk av parketten som Florø sin bestemann. Arkivfoto: Dag Frøyen

BESTEMANN: Jakob Aven (her i svevet) vart kåra til Florø sin bestemann i dei to første kampane denne Lerøy-runden. I den siste kampen var det Jonas Frøyen som gjekk av parketten som Florø sin bestemann. Arkivfoto: Dag Frøyen

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Trenar Elisabeth Aase Aven vart positivt overraska over nivået laget la for dagen då motstanden vart skjerpa.

DEL

Lerøy-serien er den nasjonale serien for G18 lag i handball. Det er i alt 16 lag med og alle laga skal møtast ein gong. Første runden var i Skien no i haust der dei møtte Nærbø, Herkules og Viking Stavanger.

Her tapte dei mot Nærbø og Herkules og vann mot Stavanger. Denne helga var det venta å vere ei tøffare runde då fleire av spelarane frå samarbeidsklubben i Bergen ikkje kunne stille. Dei skulle opp mot Sandefjord, HK Sande og Ski. Alle lag som er venta å knive i toppen. Men det trenar Elisabeth Aase Aven fekk sjå denne gongen var eit florølag som gjekk respektlaust til verks.

Sjokka topplaga

– Vi leia både mot HK Sande og mot Sandefjord, det gutane leverte i helga var verkeleg steget opp, seier Aase Aven.

Slike tøffe matchar gjer til at dei får matching på eit høgt nivå, men ho hadde gjerne sett at dei hadde fleire å byte på i backrekka.

Dei presterer over forventning mot dei beste laga denne helga.

Elisabeth Aase Aven, trenar Florø SK G18 og 4. divisjon

– Det er tøffe oppgjer, og sjølv om dei er godt trente treng backane våre nokre minutt på benken for å hente seg inn. Vi merka det på slutten i dei to første kampane der vi tapar med få mål.

Den siste kampen var det derimot Florø som stal poenget. Det enda til slutt 27-27, og denne gongen var det Florø som låg under og som kneip poenget på tampen.

– Dei siste 3–4 minutta, der vi ligg under 27-25, speler vi klok handball og greier til slutt å putte uavgjortmålet berre to sekund før full tid.

Det skal seiast at å score 27 mål på eit slikt lag som speler så tøft i forsvar er eg veldig nøgd med, seier trenaren.

Skal klatre

No ligg dei på 12 plass. Og no skal det klatrast.

– Eg meiner ikkje prestasjonen vi legg for dagen blir reflektert i tabellen, så det vil forundre meg mykje om vi ikkje skal bite godt frå oss etter jul, seier Aase Aven. Ho meiner dei no er ferdig med fleire av laga som er venta å kjempe heilt i toppen. Florø har ni kampar igjen.

Vi skal klatre godt opp på tabellen over nyttår, seier trenaren.

Så no er det ein sliten gjeng som kjem heim og må restituere seg til siste G18-kamp i regionserien heime mot Viking TIF, laurdag den 16. desember.

- Sjølv om vi gjerne skulle hatt med oss fleire poeng heim denne helga, så har gutane som har vore med, prestert over forventning, avslutter florøtrenaren.

Artikkeltags