Fenometet Karsten Warholm herja under Fjord1 Indoor i dag. Han sette ny pers på 60 meter med 6.75 og ny pers på 100 meter med 10.49. To nye personlege rekordar og godt nok til å vinne begge distansane. Det var den lovande sprintaren til Norna Salhus, Ageze Kashafali som vart nummer to i begge finalane med 6.79 og 10.57.

Warholm som om to veker skal springe under Indoor NM på heimebane i Ulsteinvik, var strålande nøgd med det han leverte.

- Eit kompliment

- Dette var langt over forventning, dei seier at når du er nede på slike tider så er du sprintar, så det tek eg som eit stort kompliment, seier den sympatiske utøvaren frå Dimna.

Han har hatt eit samarbeid med sprintnestoren Leif Olav Alnes sidan 2015 og trenaren var faktisk på hundredelen i tippinga si.

- Ja veit du kva!? Leif Olav tippa eg ville springe 6.75/76 på 60 meteren om alt klaffa og han fekk rett. Eg tenkte først at det var nok litt flaks. Når han sa 10.49 på 100 meter, og det var det eg sprang inn på, så vart eg meir enn overraska. Det var kanskje den største prestasjonen her i dag, flirer Warholm som sprudla rundt i idrettssenteret etter at speaker Ståle Jan Frøynes hadde takka for oppmøtet.   

Øyvind nøgd

Det vart ikkje den duellen mellom Øyvind Strømmen Kjerpeset og Warholm som vi hadde håpa på. Strømmen Kjerpeset fekk ein liten kjenning på dei siste stega i forsøket på 60 meter som gjorde at han sto over finalane. Men 6.90 som han leverte i heatet sitt var faktisk ny pers, så stemninga var langt i frå amper for florøhåpet. For dette var oppløftande.

- Eg har ikkje budd med på Florø Indoor i år, eg har berre slept opp litt på treninga dei siste vekene, så dette kan bli veldig bra, seier Strømmen Kjerpeset. Han fortel det er utandørs han konsentrerar seg om, og har ikkje noko særleg fokus på innandørssesongen.

- Friidrett er utandørsidrett for meg, slår Kjerpeset fast.

Heller Florø enn Bislett

Norges raskaste mann, Jaysuma Saidy "Jays" Ndure, tok ikkje sjansen på å sleppe gassen i botn på 60 meter og fekk ein liten kjenning. Det var venta, og han sto over finalane både på 60 og 100 meter.

- Det er ikkje verdt å springe på seg ein skade, seier Jays. På spørsmål om kvifor han stilte opp, var svaret hyggeleg for arrangøren.

- Det er jo heimebane!? Hadde Florø og Bislett Games vore samtidig hadde eg prioritert Florø, slår han fast.

 

Bildeserie

BILDER Fjord1 Indoor