Skal bli best i verda

LETT: På perfekte kast er det «lett» å kaste. – Målet er at det skal bli lett kvar gong.

LETT: På perfekte kast er det «lett» å kaste. – Målet er at det skal bli lett kvar gong. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

DISKOS: Det er kanskje om ti år han er på sitt beste. Difor har han god tid. Men det krev likevel fire timar med trening kvar dag.

DEL

Sven Martin Skagestad er av dei største kasttalenta vi har. Det kjem litt av treningsiveren, det kjem litt av den lange målsettinga han har sett seg for karrieren, men først og fremst, og slik er friidrett på det absolutte toppnivået: Det kjem an på fysikken.

Skal du bli god i diskos må du vere råsterk, smidig og rask. Alle desse faktorane skal stemme saman i ringen for at diskosen skal kunne innbringe medaljar. Sven Martin Skagestad er råsterk, kjapp og smidig i tillegg til å vere 2.01 på sokkelesten. Nestoren i Norna Salhus sa til oss i fjor at det er 100 år mellom to slike talent som Sven Martin Skagestad. Då skulle alt ligge til rette for Skagestad som kan vere aktiv i minst 15 år skal vi tru elitenivået i internasjonal diskos.

Målet til Skagestad er langt, men har eit hårete nedslag. Det er forbi Knut Hjeltnes sin norske rekord frå San Jose 1985 på 69,62 meter. Skagestad er klar. Han skal over 70!

– Det vil bli ein fantastisk diskosduell i Florø der Sven Martin skal få bryne seg mot fjorårsvinnar Martin Kupper frå Estland, seier elitekoordinator for Florø Fridrettsfestival, Ståle Jan Frøynes.

Florø er ein arena kastarane ønsker seg til. Gullgrossisten i VM og OL frå Tyskland, Lars Riedel kom tilbake fleire gongar på grunn av den fine vinden. Med vinden som ofte kjem inn frå nordvest i Florø, er det perfekt for kastringen som ligg i austre enden med kastsone mot vest. Det kan nemnast at den ståande norske rekorden til Mette Bergmann på 69.69 vart sett i Florø tilbake i 1995.

– Gir alt

22-åringen forsikrar oss om at han satsar tungt. I år er det Europameisterskap i U23 i Polen. Og nivået i Europa er det beste i verda.

– Medalje er målet, men det er veldig høgt nivå, men på sikt kjem lengdene, seier han. Målet er enkelt. Han må bli sterkare, få fleire kast i kroppen og bli meir stabil. Då kjem lengdene.

– Eg er stadig oftare i flytsona der lange kast kjennest lette. Dei beste har ein stabilitet på slike kast, og det er slik som kjem med tida. Det handlar om trening, seier 22-åringen. Og trening tek han ikkje lett på. Han trenar fire timar kvar einaste dag fordelt på to økter. Slik har han halde på i hele vinter.

– Blir du aldri lei?

– Overraskande lite lei i grunnen. Eg har lagt opp treninga slik at eg har delmål heile vegen, og mykje av arbeidet kan eg utføre åleine. Eg kan ikkje tenke på når treninga startar på hausten at det er ni månader til eg kan kaste igjen. Eg er målretta. Det er om ti år eg kanskje er på mitt beste, så eg må ikkje bli for utolmodig, svarar han. No gler han seg til å starte på sesongen og ivrar etter å få kaste igjen. I år får han møte estlendaren Martin Kupper igjen.

– Eg trudde eg skulle vere nærare Kupper i fjor, men han hadde løfta seg stort og det såg vi i Rio der han tok 4.-plassen, seier Skagestad, som vil slå hardare frå seg i år.

– Det er alltid kjekt å kaste med gode folk. Du skjerpar deg, slik er det for meg i alle fall, avsluttar den norske diskoskongen.

Artikkeltags