Ho skal slette Waitz-rekord i Florø

SPISSA: Karoline Bjerkeli Grøvdal er ein kapasitetsløpar. I Bosten i førre veke sprang ho 1500 meter, i Florø skal ho springe 2000 emter, på Bislett Games favorittdistansen som her 3000 meter hinder. I EM vurderer ho å spring 5000 meter eit kvarter til 20 minutt etter at hinderfinalen er ferdig. Du blir ikkje meir offensiv i huvudet enn det. Alle foto: NTB

SPISSA: Karoline Bjerkeli Grøvdal er ein kapasitetsløpar. I Bosten i førre veke sprang ho 1500 meter, i Florø skal ho springe 2000 emter, på Bislett Games favorittdistansen som her 3000 meter hinder. I EM vurderer ho å spring 5000 meter eit kvarter til 20 minutt etter at hinderfinalen er ferdig. Du blir ikkje meir offensiv i huvudet enn det. Alle foto: NTB

Artikkelen er over 1 år gammel

2000 meter: Karoline Bjerkeli Grøvdal har tatt mål av seg til å senke Grete Waitz sin sterke rekord på 2000 meter i Florø.

DEL


Karoline Bjerkeli Grøvdal skal satse for fullt på 3000 meter hinder denne sesongen.

5.47.1 er tida den norske løpardronninga Grete Waitz sette. Det gjorde ho i Newcastle så langt tilbake som i 1979.

Men alt tyder på at det er Bjerkeli Grøvdal som er kandidaten som kan slette Waitz sine umoglege rekordar. For under Bislett Games i fjor sletta ho Waitz sin 39 år gamle norske rekord på ei engelsk mil.

I Florø 2. juni skal 27-åringen frå Isfjorden prøve seg på Waitz rekorden som er 390 meter lengre enn ei engelsk mil, altså 2000 meter.

Det har vore eit klart mål å ta denne rekorden. I Florø skal eg vere klar.

Karoline Bjerkeli Grøvdal, 3000 meter hinder

Bjerkeli Grøvdal har sidan ho tok gull på 3000 meter hinder i 2006 rekna for å vere eit talent som ville kunne utfordre dei internasjonale toppstjernene på langdistansane. Men det har vore mange år der mellom anna eteforstyrring stogga utviklinga hennar.

I TOPPEN: Karoline Bjerkeli Grøvdal har fått smaken på medaljar. Dei siste åra stabilisert seg i topp europeisk langdistanseløping.

I TOPPEN: Karoline Bjerkeli Grøvdal har fått smaken på medaljar. Dei siste åra stabilisert seg i topp europeisk langdistanseløping.

Tok medalje


Men i 2015 kom det store gjennombrotet.

Bronsemedaljen i EM i terrengløp i 2015 viste at Bjerkeli Grøvdal så definitivt ikkje hadde kasta bort talentet sitt. Dette er den første norske medaljen i terrengløp. Bragda gjentok ho i 2016 der ho i tillegg tok bronsemedaljen på 10.000 meter under EM i friidrett i Nederland. Også i fjor tok ho EM-bronse i terrengløp.

Som sagt er det 3000 meter hinder som blir hovudøvinga til Tjalve-løparen denne sesongen.

Det er øvinga ho skal delta i under Bislett Games, såleis er forsøket på å slette Waitz sin bestenotering på 2000 meter perfekt opplading.


Gulrot


5.47.1 er altså tida ho skal gi seg i kast med i Florø, og desse fem minutta, ledsaga av speaker, og trenar Ståle Jan Frøynes blir nok åleine ei oppleving for publikum å få med seg frå Florø stadion 2. juni.

Dei sterke rekordane Grete Waitz sette i si tid har vore rekordar som har vore gulrøter i treningsarbeidet til «Karo».

– Det er definitivt ei bestenotering eg skal forsøke å slette og det er ein rekord som har vore med å motivere meg i treningsarbeidet, seier ho.

Og treningsarbeidet har absolutt vore av kvalitet i vinter. No er ho i form. Svaret kom allereie i Boston der ho sesongopna på 1500 meter søndag 20. mai. Ho kom i mål på 4.06.18 og vart nummer tre og persa med vel eitt sekund. No er ho den femte raskaste norske kvinne på distansen gjennom tidene, og kvalifi- serte seg for EM-kravet på distansen.

TOPPDUO: Karoline Bjerkeli Grøvdal og Karsten Warholm fekk utdelt kongepokalene etter friidretts-NM i Sandnes i fjor.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

TOPPDUO: Karoline Bjerkeli Grøvdal og Karsten Warholm fekk utdelt kongepokalene etter friidretts-NM i Sandnes i fjor. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Kjempefornøgd


– Eg er kjempefornøyd med gjennomføringa. Planen var å få ei jamn og hard gjennomkøyring. Saman med løpet i Florø på 2000 meter skal det gi det beste grunnlaget for eit godt hinderløp under Bislett Games, det er 3000 meter hinder som er det klare hovudmålet for forsesongen, seier Karoline på telefon ifrå Kastrup der ho venta på flyet til Norge.

Etter Bislett Games er det EM i Berlin som er hovudkonkurransen for Romsdalingen. Ho er no den store løpsdronninga i Norge og med full klaff kunne ho vore medlajeutfordrar på fleire øvingar i Berlin, men slik konkurransen er lagt opp, så lar det seg ikkje gjere. Eller gjer det det?

På direkte spørsmål om ho vurderer fleire distansar er ho på glid.

– 1500 meter lar seg ikkje kombinere med 3000 meter hinder. Det kan derimot vere aktuelt å delta på 5000 meter 20 minutt etter hinderfinalen?

– Er det i det heile tatt mogeleg?

– Det er klart det er jo lagt opp slik at det ikkje skal vere mogeleg. Slik er det ikkje for gutane, men på jentesida er det dessverre slik.


Offensiv i hovudet


– Så du vurderer å stille på startstreken på 5000 meter i EM 15 til 20 minutt etter at du har gjennomført det store målet for sesongen, 3000 meter hinder?

– Ja det utelukkar eg ikkje. Det må eg uansett ta stilling til når eg har kome i mål. Eg meiner det skal kunne vere mogeleg. Fysisk kan eg klare det.

– Så du håper du på eit lureløp?

– Ja då vil det bli gøy. Blir det høg fart ifrå start vil eg nok merke dei 3000 hinder eg har i beina, svarar Karoline som er offensiv i hovudet før EM.








EM-krav 1500m: 4,12,00 VM U20-krav 1500m: 4,24,00
Karoline Bjerkeli Grøvdal

1990

NOR 8,37,58 Olymp.G / 7th pl. 5000m / 2016
Anna Mishchenko

1983

UKR 5,46,36 ETCH winner 1500m Bergen 2010
Camille Buscomb

1990

NZL 15,19,81 Nat.champion 3000m/5000m
Andrea Seccafien

1990

CAN 15,08,59 Nat.champion 5000m
Tamara Tverdostub

1979

UKR pace (4,07,43)


2000m kvinner:

- Grete Waitz var løpar-pioneren på kvinnesida, worldwide. Ho står framleis med tre bestetider i Norge, 1500m, 2000m og 3000. Karoline går målbevisst til verks mot 2000m-rekorden, som er på 5,47,1. Det blir ganske følelses-prega viss det går vegen. Karo kjente Grete godt frå tida si i Vidar. Farten blir sett til jamne 69-rundar heile vegen, med fartsholdar første 3- 3,5 rundane, og så er det «fritt fram» for Karo, i kamp med rutinerte mellom-og langdistansejenter. Løpet er sjølsagt ei perfekt oppkøyring til sesongdebuten på hinder fem dagar seinare på Bislett, melder elitekoordinator Ståle Jan Frøynes.

Artikkeltags