Han vil sesongopne med rekord i Florø

SPRUDLER: Karsten Warholm sluttar ikkje å imponere på friidrettsbana. Når han kjem til Florø lover han bånn spiker.  Foto: NTB

SPRUDLER: Karsten Warholm sluttar ikkje å imponere på friidrettsbana. Når han kjem til Florø lover han bånn spiker. Foto: NTB

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

400 meter: 21-åringen har den norske rekorden på 400 meter og går for ny pers i Florø. – Ein skal vere forsiktig med å snakke om rekordar, så eg vil heller seie eg går for pers.

Karsten Warholm er utøvaren som har snudd norsk friidrett på hovudet. Saman med Ingebrigtsen-familien så er det ein lett naturlegheit når Warholm snakkar om å bryte barrierar. Han berre gjer det. I år er det VM i London som er det store målet, men også U23-EM i Polen som er Warholm sin siste meisterskap som junior.

– Etter Florø går det slag i slag for min del. Det er Bislett Games der dei i år lagar duellar til utøvarane som blir spennande å vere med på. Sesongen blir avslutta med VM i London og då er det berre å gå all-in, seier Warholm.

Han har tatt det relativt roleg gjennom vinteren og meiner han er heilt i rute til sesongen.

– Eg har bevisst gjort det lettare i vår. Eg treng tida fram til 10. juni på å førebu meg. Eg ligg godt an trur eg, seier Warholm

Kva han skal delta på i Florø er han ikkje 100 prosent sikker på.

– Eg er påmeldt i litt forskjellig, men eg reknar med at eg kjem til å satse på 400 meter. Eg held det litt ope. 400 flatt er ein fin distanse og dei fleste argumenta seier at eg skal satse på den.

– Kan vi tru på ny norsk rekord i Florø?

– Vi skal vere litt forsiktig med å garantere rekordar, men eg kjem til å gå for pers, humrar Warholm - som sjølv har den norske rekorden på 400 meter.

IMPONERTE: Karsten Warholm imponerte i Rio OL i fjor sommar. Laurdag  sesongopnar han i Florø.

IMPONERTE: Karsten Warholm imponerte i Rio OL i fjor sommar. Laurdag sesongopnar han i Florø.

Allsidig

Det var før fjorårssesongen at Warholm fann ut han skulle spesialisere seg på 400 meter hekk. Og det gjorde han stor suksess. Han tok den norske rekorden på distansen med 48.49 i Rio OL i fjor. Ei forbetring med over sekundet frå rekorden han sette i Florø tidlegare på sesongen. Han skjerpa også tida to gonger etter Florø før han slo seg i lag med OL-troppen som reiste til Brasil.

Mange meiner kanskje det ikkje er nødvendig, men Leif Olav Alnes har hjelpt meg med å få betre sjølvtillit

Karsten Warholm

No er det 400 hekk som er øvinga, og han meiner tida som mangekamp-utøvar har vore ein fordel.

400 hekk er ei kompleks øving. Her er det både fart, utaldenheit teknikk og rytme som skal fungere perfekt i hop for å ytre maks. Det er harde slag og høg belastning og då er det positivt å komme frå mangekamp, seier han.

Det var trenaren Leif Olav Alnes som sette han på sporet av å spesialisere seg. For på 400 hekk kan han hevde seg i verdstoppen. I mangekamp var han ikkje god nok i kastøvingane til å bli blant dei beste.

– Leif Olav har vore veldig viktig for meg. Han har for det første hjelpt meg å booste sjølvtilliten min endå meir, noko mange meiner ikkje burde vere nødvendig. Leif Olav har ekstrem kompetanse. Han er ein skikkeleg friidrettsnerd som har fokus på den minste detalj. Samtidig er han flink å strukturere og plukke ut det viktige og det enkle. Vi har saman tenkt korleis vi kan bygge noko berekraftig i eit lengre perspektiv kan du seie, for å bruke litt vanskelege termar, seier han og meiner han og Leif Olav er eit godt team.

– Eg brukar å seie at det er hans hovud og mine bein som konkurrerer. Vi er eit team absolutt, strekar han under.

No gler han seg til å sleppe tigeren laus i Florø.

– Det skal bli godt å starte sesongen i Florø. Og la meg legge til: Eg går også for ein større fisk enn Ståle Jan Frøynes på fisketuren om kvelden.

Artikkeltags