FT&IF-gutta vil ha medalje

ANKERMANN: Individuelt er Øyvind Strømmen Kjerpeset medaljeaktuell både på 200 og 400 meter hekk. Men denne gongen ønskjer han å sikre edelt metall saman med gutane i Florø TIF.

ANKERMANN: Individuelt er Øyvind Strømmen Kjerpeset medaljeaktuell både på 200 og 400 meter hekk. Men denne gongen ønskjer han å sikre edelt metall saman med gutane i Florø TIF.

Florø T&IF skal vere eit stafettlag å rekne med når Gloppen og Byrkjelo inviterer til NM i friidrett neste helg.

DEL

At Florø T&IF med tidlegare norgesmeister på 200 meter i Øyvind Strømmen Kjerpeset på laget, har planar om å ta medalje under NM i friidrett på Byrkjelo 17. - 19. august.

Stafettlaget på 1000 meter stafett-laget er Magnus Angelshaug (17) på 100 meter, Ben Jeffrey Bennet (17) på 200 meter,  Lasse Angelshaug (20) på 300 meter og til slutt Øyvind Strømmen Kjerpeset (26) på 400 meter og den viktige ankeretappen.

Sterkt lag

- Eg trur vi har ein sjanse. Vi kan ta medalje, heilt klart. Gullet blir nok tøft, men det er ope etter det, seier Strømmen Kjerpeset.

Og han har tru på dei unge talenta på laget sitt.

Alle på laget har persa i sommer, så eg meiner vi har eit sterkt lag som kan kjempe om medalje på stafetten på Byrkjelo

Øyvind Strømmen Kjerpeset, ankermann for FT&IF

- Det blir ei veldig spennande sisteetappe. Eg er spent på kortid eg får pinnen, og om eg har nokre tett på som eg kan jakte. Vi har eit godt lag, dei har alle vore i form, og alle har persa i sommar, seier ankermannen.

Lasse Angelshaug har hatt ein del 300 metrar på trening for å vere klar til stafetten. Tidene gutane står for kvar for seg gjer laget sterkt, men som Jon Herwig Carlsen alltid sa: "Stafett er stafett".

- Pinnen skal rundt og det er veldig lett for at noko skjer på stafettar, så vi er spent, men vi gler oss, seier Strømmen Kjerpeset.

Individuelt skal han springe 400 meter hekk og 200 meter på Byrkjelo og har håp om medalje på begge.

- 200 meter blir nok hakket vanskelegare å ta medalje på. Kroppen har dessutan vore litt opp og ned i det siste, men eg er positiv, seier Kjerpeset.

Tøft program

Ben Jeffrey Bennet (17) har no tre helger med konkurransar og dei har stigande prioritet.

TETT PROGRAM: Ben Jeffrey Bennet (17) har tre nasjonale friidrettskonkurransar på rad frå og med neste helg.

TETT PROGRAM: Ben Jeffrey Bennet (17) har tre nasjonale friidrettskonkurransar på rad frå og med neste helg.

På NM skal han springe 200 meter og stafetten.

- Det er høgt nivå når dei beste i landet konkurrerar, så det er ikkje sannsynleg å komme til finalen, men klarer eg semifinale på 200 meter er eg godt fornøgd seier han.

Den personlege bestenoteringa til florøguten er 22.38. Utandørspersen er 22.98.

- De er berre på Byrkjelo eg har fått godkjent løp på grunn av medvind. Så 22.98 er ikkje godt nok skal eg ha håp om å kjempe meg til ein semifinale, seier Jeffrey. 

Hovudmålet for Ben er Junior NM og UM  som er dei to påfølgande helgene etter hovud-NM. 

- Det er på UM eg har størst sjansar. Eg skal springe både 100 og 200 meter. Målet mitt er å komme seg ned på 10-talet på 100 meter, og elles er det medalje eg tenker på. Topp tre er eg veldig nøgd med, seier Bennet.

Han har den eiste tida slite med ei lita forstuing i ankelen, så oppladninga til NM har ikkje vore optimal. Men tida med kvile no før tre stemner på rad kan også vere med på å gi overskot.

Artikkeltags