Friidrettsquiz om rekordar

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

1: Team Ingebrigsten imponerte stort under Diamond League-stemnet i friidrett i Eugene laurdag 27. mai. Yngstemann Jakob (16) vart den yngste under 4 minutt på ei engelsk mil med tida 3.58.07. Utanom brørne Filip og Henrik er det berre to nordmenn som har løpt raskare på ei engelsk mil, og dei er også brødre. Kva heiter dei?

A: Brigt og Arve Slettum

B: Arne og Knut Kvalheim

C: Bo og Trond Breigan

2: Fenomenet frå Dimna, Karsten Warholm sette ny norsk rekord på 400 meter i Kristiansand i fjor. Kven hadde rekorden i 17 år før Warholm?

A: Quincy Douglas

B: Atle Douglas

C: Vebjørn Rodal

3: Amalie Iuel (23) var kvinna på alle sine lepper då ho sette ny norsk rekord i Nederland i juni i fjor. I kva øving sette ho rekord?

A: Mangekamp

B: 400 meter hekk

C: 400 meter

4: Den eldste av dei individuelle friidrettsrekordane vi har på seniorsida er 44 år gamal i år. Kristen Fløgstad sin lengderekord frå på Bislett stadion vart sett i 1,7 sekundmeters motvind. Kor langt hoppa utøvaren frå Kristiansands IF den 4. august 1973?

A: 7.99 meter

B: 8.12 meter

C: 8.02 meter

5: Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø Turn og Idrettsforening har ein ståande norsk rekord i rekordutvalet til friidrettsforbundet sett på Bislett i 2013. I kva øving har han denne rekorden?

A: 200 meter hekk

B: 150 meter

C: 300 meter hekk

6: Amerikanske Michael Johnson sette verdsrekordar både på 200 meter og på 400 meter under OL i Atlanta 1996. 200 meter rekorden vart smadra av Usain Bolt i Berlin VM i 2009. og under OL i Rio var det 400 meter rekorden til Johnson som vart slått. Dette var den einaste friidrettsrekorden som kom på herresida i Rio 2016. Kven sette den?

A: Wayde Van Niekerk, Sør Afrika

B: Kirani James, Grenada

C: Lashawn Merrit, USA

7: Det vart sett ein friidrettsrekord på kvinnesida under Rio-OL også. På kva distanse?

A: 10.000 meter 29:17.45 Almaz Ayana, Etiopia

B: 1500 meter 3:50.07 Genzebe Dibaba, Etiopia

C: Slegge 82.98 meter Anita Włodarczyk, Polen

8: Russiske Yelena Isinbayeva har vore suveren i stav på kvinnesida gjennom nesten heile 2000-talet. Ho har den gjeldande verdsrekorden på 5.06 meter sett i Zürich i 2009. Men no blir hegemoniet til den russiske nasjonalhelten utfordra. I fjor haust hoppa amerikaske Sandi Morris over draumegrensa på 5 meter. Dessutan mista Isinbayeva innandørsrekorden til Jennifer Suhr. Den vart også forbetra til 5.03 i fjor. Men for kva nasjon konkurrerer Jennifer Suhr?

A: Tyskland

B: Qatar

C USA

9: Cubanske Javier Sotomayor sin verdsrekord i høgde skriv seg tilbake til 1993 på 2.45 meter. 16 personar har hopppa over den magiske 2.40 grensa i høgde. 7 personar har hoppa høgare enn 2.41, 6 personar har hoppa over 2.42 meter, men det er berre to personar som har passert 2.43 meter. Den eine er Sotomajor. Kven er den andre?

A: Igor Paklin, URS (Kobe, Japan 4. september 1985.)

B: Mutaz Essa Barsim QAT (Brüssel, Belgia 5. september 2014.)

C: Bohdan Bondarenko, UKR (New York, USA 14. juni 2014)

10: Dennis Kipruto Kimetto sin verdsrekord på Maraton er smått utrulege 2.02.57 og vart sett i Berlin i 2014. Av dei 25 beste rangerte maratonløparane på herresida er det berre Etiopiske og Kenyanske løparar. På kvinnesida dominerer også Kenya og Ethiopia, men ikkje på toppen. Den raskaste maratonløparen gjennom tidene på kvinnesida (2.15.25) er ikkje afrikanar. Kva nasjonalitet har ho?

A: Paula Radcliffe, Storbritannia

B: Mizuki Noguchi, Japan

C: Irina Mikitenko, Tyskland

Fasit: 1B, 2A, 3B, 4C, 5A, 6A, 7A, 8C, 9B, 10A 

Artikkeltags