– Dette er å betale Florø litt tilbake

Ståle Jan Frøynes og Leif Olav Alnes

Ståle Jan Frøynes og Leif Olav Alnes Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Ramma og stemninga på stemnet i Florø er viktig å hegne om, seier Karsten Warholm.

DEL

Karsten Warholm har mange gode minner frå Florø Friidrettsfestival. Ikkje minst ifrå i fjor då han knuste sin eigen 400 meter rekord på 400 meter.

Strekk seg for Florø

No strekk han seg langt for å vere med i Florø sjølv om festivalen kjem mellom Diamond League stemnet i Roma og Bislett Games.

– Det er berre Bislett som kan vise til liknande ramme kring friidretten i Norge, så då er det viktig for meg å stille opp, seier han og trekk fram Rune og Oddfrid Osa som friidrettsarrangørar han har eit godt forhold til i Florø.

Eg har vore på alle stemna i Florø både inne og ute, det er det nok ikkje mange som kan vise til.

Leif Olav Alnes, trenar til Karsten Warholm og Amalie Iuel

Warholm sin trenar Leif Olav Alnes fortel han har vore på Florø Friidrettsfestival kvart einaste år dei siste 24 åra, i tillegg til kvart einaste Florø Indoor. Å komme til Florø med verdsmeisteren, sølv om festivalen i Florø kjem midt inn i dei internasjonale stemna i Roma, Oslo og Stockholm.

– Florø har vore med oss heile vegen. Stemnet er ein institusjon, så det skal vi ikkje gløyme. Difor har vi ein plikt til å stille opp, sjølv om det er midt i ein tett konkurranseperiode, seier Alnes.

Suksesstrenaren tek med gruppa si med Warholm, Iuel og Slettum til Florø.

– Det er eit signal til dei unge å vise at kua har eingong vore kalv, men så er det fisketuren i Florø og den er jo viktig, seier han og ler.

Å gå inn i eit år som regjerande verdsmeister er ikkje nødvendigvis enkelt. Men Alnes seier Warholm ikkje kjem til å levere inn igjen VM-gullet, så han har ingenting å måtte forsvare. – Vi ser oss aldri tilbake, poengterer trenaren frå Torvikbukt.

Kjempeidrett

Warholm er samd og meiner han har lyst på meir suksess.

– Friidrett er ein verdsidrett og det kjem nye sterke konkurrentar inn i idretten heile tida, seier Warholm.

Han veit han må ta nye steg skal han kunne henge med heilt i toppen. Allereie i Doha 5. mai i år sprang Abderrahman Samba frå Qatar sterke 47.57 på langhekken og flytta lista til eit anna nivå.

– Eg er budd, har trent godt i vinter og skal berre springe som pokker, seier Warholm i kjent stil.

Artikkeltags