Dei skal begge over 8 meter og ta rekorden

BERGENSAREN: Amund Høye Sjursen frå Gneist skal  over åtte meter og ta norsk rekord i år. - Treff eg perfekt i Florø kan det bli rekord, seier han gler seg til å snakke ned trønderkompisen.  Foto: NTB

BERGENSAREN: Amund Høye Sjursen frå Gneist skal over åtte meter og ta norsk rekord i år. - Treff eg perfekt i Florø kan det bli rekord, seier han gler seg til å snakke ned trønderkompisen. Foto: NTB

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Sjølv dei som ikkje er interessert i friidrett bør få med seg lengdeduellen i Florø 10. juni. Ein bergensar og ein trønder som begge skal over åtte meter i år, møtast face-to-face for første gong.

DEL

Det er 44 år sidan Kristen Fløgstad sette den gjeldande norske rekorden i lengde på 8.02 meter. Han er den einaste nordmannen som har hoppa over draumegrensa på åtte meter. No har norsk friidrett to unge utøvarar som begge har kapasitet, og klar målsetting om å endre historia denne sesongen.

Ingar Kiplesund (20) frå Trondheim Friidrett og Amund Høie Sjursen (21) frå Gneist skal møtast på Florø Stadion der dei får internasjonal motstand å bryne seg på.

Det blir Trondheim mot Bergen når lengdetrona skal avgjerast 10. juni. At innbyrdes konkurranse må til for å få fram det beste, er dei begge klare på.

– Vi har delteke på nasjonale konkurransar opp gjennom ungdomsåra og pressar kvarandre fram heile tida, seier Amund Høie Sjursen, som er eit stortalent både på 100 meter og lengde. Han har vore litt skadd i vinter, men kjenner seg no i godt slag og skal sesongopne i Florø.

Ingar Kiplesund meiner konkurransen frå rivalar er det som skal til for å yte maks.

– Eg hugsa vi var fire i dei yngre dagar som pusha kvarandre. Det går ein liten støyt igjennom kroppen når andre gjer det bra, då mobiliserer du litt ekstra. For meg er det viktig å ha ein utøvar som Amund å bryne meg på, seier han og viser til duellen med ein danske i Belgia no i slutten av mai.

– Dansken sa at taparen mellom oss måtte spandere ein is. Han leia før eg skulle hoppe. Det var det som skulle til, eg slo han med ein centimeter, seier Kiplesund som gjekk sigrande ut. Stemnet 27. mai i Belgia var sesongdebuten, og der vart han overraska over lengdene han nådde.

Store ting i vente

TRØNDEREN: Ingar Kiplesund (20) viste i Belgia i mai at han meiner alvor når han snakker åtte meter og norsk rekord. - konkurranse er bra, berre eg er best, seier han. Foto: NTB

TRØNDEREN: Ingar Kiplesund (20) viste i Belgia i mai at han meiner alvor når han snakker åtte meter og norsk rekord. - konkurranse er bra, berre eg er best, seier han. Foto: NTB

I Oordegem landa han på 7,62 meter.

– Hoppet var ikkje optimalt. Då eg landa sukka eg og kasta sand rundt meg. Så eg trur eg har store ting i vente. Skjer det i Florø hadde det vore fantastisk, seier Kiplesund som gler seg til å konkurrere i Kystbyen. 7.62 meter er 14 centimeter bak persen til Kiplesund. Amund Høie Sjursen sin pers er på 7.60 meter, men i NM i fjor viste han kapasiteten sin. Då hadde han eit dødt hopp på kring åtte meter. Så kapasiteten til begge desse hopparane seier at dei kan bryte den norske rekorden og 8-metersgrensa med full klaff.

Hylaren

Kiplesund fortel at stabile hopp er noko dei ikkje ønkjer å gjere om dei ikkje må. Det er jakta på det perfekte hoppet dei går for.

– Har du eit hopp på 7.50 meter i første omgang og veit du kjem til å vere med i finalen, du flyttar du fram slik at eg skal få den perfekte planken og går for «hylaren», seier han og legg til at publikum også er viktig for å kunne yte maks.

– Publikum har mykje å seie. Du vil ikkje drite deg ut, du må ta deg saman. Lengde er jo litt som tiurleik, du vil ta deg best ut føre tribunen. Hadde vi ikkje ønskt det så er det betre å starte med brodering eller noko anna litt tryggare, slår han fast. Sjursen er også tydeleg på at det er jakta på det perfekte som står heilt framme i panna når det skal hoppast.

– Det er mange element som høyrer med i eit lengdehopp. Treff du skikkeleg så landar du aldri, det er ei utruleg god kjensle. Eg har kjent på nokre slike, og det er ofte ugyldige hopp, så det er ein balansegang og gambling for å få best mogleg planke samtidig som du får det kvite flagget når du treffer perfekt.

Begge dei norske lengdehopparane er kvalifisert til U23 VM i Polen. Der er det stor konkurranse frå hopparar frå heile verda. Men dei to nordmennene er trygge på at dei har noko der å gjere.

– Det skal ikkje meir til at med treff frå meg eller Ingar så er det medaljesjansar, poengterer Sjursen.

Sjølv om dei to snakkar kvarandre ned og ertar kvarandre i konkurransar er dei begge klare på at konkurransen er med å løfte dei begge.

– Det er kjekt om begge gjer det bra, men at eg gjer det best, seier Ingar Kiplesund og spelar opp rivalen ifrå Bergen. Og svaret kjem: – Eg skal over åtte meter og ta den norske rekorden i år, den er grei. For eg kan jo ikkje bli slått av ein trønder.

Eg skal sette norsk rekord i løpet av sesongen. Den er grei. Eg kan jo ikkje bli slått av ein trønder

Amund Høie Sjursen, Gneist

Eg skal over åtte meter i år og ta den norske rekorden. Det er kjekt om begge gjer det bra, men at eg gjer det best

Ingar Kiplesund, Trondheim Friidrett

Artikkeltags