Øyvind sikra NM-sølvet

NM friidrett for jr. Øyvind Strømmen Kjerpeset. (Foto: Terje Pedersen, ANB)

NM friidrett for jr. Øyvind Strømmen Kjerpeset. (Foto: Terje Pedersen, ANB) Foto:

Med VM og EM-meister Karsten Waholm på startstreken handla det om å sikre sølvet.

DEL

Karsten Warholm var i ein klasse for seg naturlegvis under NM i friidrett på Byrkjelo. og blei klokka inn på 49.01 på 400 meter hekk. Med det sette han ny banerekord på den tradisjonsrike friidrettsbana i Gloppen.

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sprang inn til 2.-plass på tida 52.22 under finalen og oppnådde maksimalt av det som var mogleg per dags dato.   Strømmen vann denne øvinga fire år på rad før den tidlegare ti-kjemparen Warholm bestemte seg for å spesialisere deg på akkurat denne øvinga. I EM i Berlin nyleg sprang Warholm inn til gull på tida 47,64,

Trude Raad frå arrangørklubben Gloppen tok gull i slegge med eit kast på 63,96.

Vi kjem attende med meir. Følg med på vår live-overføring.

Artikkeltags