Her går det gale for Kjerpeset

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Det blei ingen draume-comeback på heimebane for Øyvind Strømmen Kjerpeset, på øvinga 400 meter hekk.

Han har ikkje delteke i 400 meter hekk sidan han blei skada i fotbladet, og har halde seg på sidelinja i lang tid. Laurdag skulle han debutere i Florø under Norwegian Grand Prix i Florø. På nest siste hekk hekta han og fall.

Skuffa

– Eg kan ikkje skylde på hekkane, det er jo dei som har gjort meg god, seier ein skuffa Kjerpeset.

– Det har aldri skjedd før og det er utgjort at det då skal skje på heimebane.

Heldigvis pådrog ikkje Kjerpeset seg nokon ny skade og skal vere klar til Bislett games i neste veke.

– I dag er eg stiv og kjem for nær hekkane og blir stressa. Dette var berre min eigen feil, avsluttar Kjerpeset.

Artikkeltags