– Eg fekk pes av gutta for at eg ikkje har scora før i år, og dette var siste sjanse

LEVERTE: Christer Husa var den store spelaren då Florø vann 0-2 borte mot Jerv søndag. Han scora sine to første mål i Obosligaen på ti minutt i andre omgang.

LEVERTE: Christer Husa var den store spelaren då Florø vann 0-2 borte mot Jerv søndag. Han scora sine to første mål i Obosligaen på ti minutt i andre omgang. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Dette, seier Christer Husa som like godt scora begge måla då Jerv vart slått 0-2 i den siste kampen for sesongen søndag.

Dei kunne gått inn i ein treningsvinter utan siger på dei ti siste kampane. Kampen var borte og laget var sterkt redusert med tre sentrale midtbanespelarar ute.

Florø har dessutan hatt ein tøff haust, som toppa seg med  1–5 tap i siste heimekampen. Dei hadde press på seg til å reise kjerringa. Og dei klarte å mobilisere og fekk ein viktig opptur. Og som i fjor då Christer Husa banka Florø opp i Obosligaen 15. oktober med eit langskot og ein målgivande Kupen-assist, fekk han avslutte den første obos-sesongen med to fulltreffarar. Sine to første faktisk. Florø kunne før kampen hamna på 12.-plass, men med siger rykka dei i staden opp to plassar og hamna midt på tabellen, til ein høgst respektabel 8.-plass. Best av alle dei nyopprykte laga.

Viktig

– Det er viktig å gå inn i vinteren med ein siger, vi kunne avslutta med ti kampar utan siger, så dette var viktig psykologisk, seier Husa.

Florø måtte avslutte med 10 mann i Grimstad då Vegar Gjermundstad kom for seint inn i taklinga av siste mann. Men Jacob Storevik i sin andre kamp frå start i år, leverte storspel og avslutta med «smultring» då han klarte å halde nullen.

Rykker ned

Dei to nyopprykte laga Elverum og Arendal må begge ned i PostNord-ligaen medan Fredrikstad berga kvalifiseringsplassen etter 3–0 siger heime mot Sandnes Ulf der Ulrik Flo var toneangivande.

HamKam og Nest Sotra er begge klare for Obosligaen neste år, og Fredrikstad vil i kvalifisering mot Notodden eller Raufoss kunne berge plassen. Viking er allereie klare for Obosligaen neste år og per no ser det ut at dei får følge med Ålesund eller Sogndal.

Obosligaen 30. runde

Jerv - Florø 0-2 (0-0)

Levermyr stadion

Tribune: 1169

Mål:

0-1 Christer Husa (53. min), 0-2 Christer Husa (62. min)

Gule kort: Dino Omerovic, Florø, Christopher MacConnacher, Jerv.

Raudt kort: Vegar Gjermundstad, Florø (65. min)

Dommer: Sivert Øksnes Amland, Kringlebotn IL

Artikkeltags