Sjå Eirik Høydal score sitt første mål i USA

DEL

På seinsommaren drog Eirik Høydal frå Florø til USA for å spele collegefotball for Georgia Southern University. Kantspelaren ønska seg meir speletid, og i USA har han fått moglegheita til å kombinere fotball på høgt nivå med å skaffe seg ein solid utdanning.

Denne helga møtte laget hans Georgia State, og i ein kamp som til slutt enda 1–1 kunne Høydal notere seg for si første scoring på amerikansk gras. Og det var litt av ein perle.

Artikkeltags