– No skal vi lære oss å gå i takt

- BLI MED PÅ LAG: Anne Leversund, er ny styreleiar i Florø Fotball og no skal ho prøve å engasjere fleire.

- BLI MED PÅ LAG: Anne Leversund, er ny styreleiar i Florø Fotball og no skal ho prøve å engasjere fleire. Foto:

Anne Leversund tok søndag over som ny styreleiar etter at Arild Melvær hadde styrt skuta i 14 år.

DEL

Leversund vedgår det ho har takka ja til er skummelt.

– Ja det er klart det er skummelt, Arild (Melvær) har vore styreleiar i 14 år, og gir seg samtidig som Øystein (Hjertenes), så det er klart at det er litt skremmande å ta på seg styreleiarvervet, men dei har begge sagt dei kan vere med å bidra sjølv om dei no har trekt seg ut av verva sine, seier ho og veit ho har mange rundt seg som villig gir ho råd.

Men Anne Leversund har vore i klubben sidan ho var 13 år både som leiar, og spelar. Det er ein klubb som har gitt ho mykje i alle år.

Og ho rosar valnemnda for ein strålande jobb. For å sikre utvikling er det viktig med fornying. Det er avgjerande at nye kjem inn og har med seg nye perspektiv.

– Dei nye som no mønstrar på er ein utruleg spennande gjeng, seier ho og har ikkje vanskar med å vise entusiasmen for laget ho no er kaptein for.

SKAL MØTE ALLE: Anne Leversund fortel ho no skal møte mange i og kring klubben for å finne ut korleis ting blir gjort.

SKAL MØTE ALLE: Anne Leversund fortel ho no skal møte mange i og kring klubben for å finne ut korleis ting blir gjort. Foto:

For alle viser eit glødande engasjement, og saman med dei som framleis er med i styret og sikrar kontinuiteten, er ho trygg på at dei har slagkraft. For etter at ho fekk vite kven ho har med seg i styret, vart ho letta. No er dei fleire, og alle deler det som står over alt anna i ein fotballklubb: Entusiasmen.

Gløden

Entusiasmen meiner den nye styreleiaren er alt i Florø Fotball. Det er den som bind dei saman, det er den som sikrar frivilligheita dei er avhengige av. Det er den som får folk til å komme på stadion, engasjere seg som trenarar og leiarar. Det er også entusiasmen sponsorar helst vil knyte seg til.

Dei to åra i Obosligaen har verkeleg vist oss kva vi kan klare. «Stolt og kry» er faktisk blitt eit omgrep med innhald i Florø

Anne Leversund, styreleiar i Florø Fotball

– Dei to åra i Obosligaen har verkeleg vist oss kva vi kan klare. «Stolt og kry» er faktisk blitt eit omgrep med innhald i Florø, og det skal vi hegne om, seier Leversund.

Ho meiner Florø Fotball sin suksess har vore viktig for langt fleire enn folk kanskje var klar over. Men å bli ein klubb i norsk toppfotball er krevjande og det kan ikkje gjerast halvvegs.

Klare krav

Som organisasjonssjef i idrettskrinsen gjennom seks år har ho vore sjef for 45.000 menneske. Samtidig har ho vore arrangementsansvarleg på Florø Stadion og vore «hands on» på Obos-kampane der krava frå fotballforbundet har vore krevjande å møte.

Verdiane ifrå alle åra med jobb i idretten og fotballen tek ho no med seg. Dei skal gjennomsyre klubben i eit vogge-til-grav perspektiv. No er utfordringa å sikre at klubben har ein organisasjon som fungerer.

– Vi er i dag ein kvalitetsklubb. Dette betyr at det skal stillast klare krav i alle ledd ifrå miniputt-nivået til A-laget. Og at vi må ha ting på stell. Det er klart det er viktig at vi har dokumentasjon og det formelle i orden, men det viktigaste er at alt fungerer i praksis, poengterer ho.

Veslefrikk-turneringa denne helga meiner ho er eit eksempel på kva Florø Fotball kan få til. I 30 år har denne turneringa blitt arrangert og stadig fleire lag er med. I år deltok meir enn 120 lag.

At ei kjempeturnering som Veslefrikk i det heile tatt kan arrangerast, er takka vere engasjementet til våre frivillige, dei har grunn til å vere stolte

Anne Leversund, styreleiar Florø Fotball

At ei slik kjempeturnering kan gjennomførast er takka vere dei frivillige, og dei har stor grunn til å vere stolte, meiner Leversund.

– Det er veldig mange som ønskjer å gjere ein jobb for klubben, og dette er ein ressurs vi er heilt avhengige av, difor må vi organisere oss slik at dei som ønskjer å hjelpe til kan engasjere seg utan å måtte ta på seg for mykje. Det har vore slik at enkelte gjer veldig mykje, men kanskje dei som kunne bidrege med noko ikkje er med då dei ikkje er blitt spurde. Om alle er med blir det lettare for dei som engasjerer seg mykje og kjekkare for alle å vere med på laget, seier Leversund.

Rekruttering også blant aktive er også noko ho vil sjå på. Ho meiner klubben bør strekke seg etter å kunne gi eit tilbod til på alle nivå, i alle aldrar og til begge kjønn.

Heimelekse

No har ho og styret gitt seg heimelekse med å gå gjennom den dokumentasjonen som er tilgjengeleg. For mål, verdiar og strategiar treng dei eigarskap til, og målet er at dei ikkje skal bli liggande i skrivebordsskuffen.

– Eg må no finne ut korleis ting gjerast og skal i møte med mange i og kring klubben for å få kartlagt kor vi står, seier ho.

Og dagleg leiar er ein av dei som kanskje har for mange arbeidsoppgåver.

Vi har ein dyktig dagleg leiar, men kanskje han har for mange arbeidsoppgåver

Anne Leversund, styreleiar i Florø Fotball

– Harald Gjervik gjer ein kjempejobb som dagleg leiar i klubben, men han gjer kanskje alt for mykje per i dag, kanskje han må hjelpast av med nokre oppgåver slik at han kan fungere i det han er best til, seier Anne som også skal møte Stimen.

– Supporterane er vi heilt avhengige av. Vi treng å ha ein supporterklubb som fungerer, og der må vi dra i same retning og finne ut korleis vi kan spele kvarandre gode.

Informasjon er dessutan noko av det første ho vil gripe tak i.

– Vi må kommunisere riktig i alle ledd. Ifrå tillitsvalde, trenarar og leiarar til dei aktive. Det er også viktig for alle som følger med oss, om det er på nett, på stadion eller i media. Klubben må vere samla og no skal vi lære oss å gå i takt, avsluttar Anne Leversund.  

Artikkeltags