Gå til sidens hovedinnhold

Vann på sjansar - tapte på mål

Artikkelen er over 3 år gammel
Florø - Start 1-4

1–4 var eit flatterande resultat for Florø Fotball i den sjette Obosrunden. For topplaget Start viste kvifor dei er, jo nettopp eit topplag. Dei spelte seg til færre sjansar enn heimelaget, men straffa Florø hardt dei gongane dei slurva og var ufokuserte. Til slutt stod det 1-4 til Start. Eit stygt resultat, men spelemessig er det mykje positivt for Florø å ta med seg etter denne kampen.  

– Vi er fullt på høgde med Start, eg vil seie heile kampen gjennom, kjem det frå Runar Hove. Han sende dei 1576 tilskodarane på Florø stadion til himmels etter 16 minutt då han stanga corneren frå Stefan Aase i nettet bak Håkon Opdal. I himmelen var dei i fem minutt før Espen Børufsen balanserte målprotokollen. 

Spelemessig var Florø fullt på høgde med Start som hadde god balanse i laget etter at dei fekk utlikninga. Men dei skulle også ta over. Fem minutt før pause må Nicklas Frenderup gi retur på eit frispark. Nysigneringa Dennis Antwi scorar sitt første for Start og gjestane gjekk i garderoben med leiing.

Florø held oppe trøkket etter 1. omgang og speler seg til sjansar, men etter timen får Start sin tredje sjanse og Espen Børufsen scorar sitt andre for dagen. Florø har ikkje val og held fram med å jage redusering. Og på ein dag der Florø ikkje får omsett sjansane i mål, går alt sørlendingane sin veg i florøboksen, der Florø sin beste så langt i sesongen, Nicklas Frenderup ikkje har dagen.

– Måla kjem på katastrofalt feil tid

Det var ein skuffa Frenderup som møtte oss etter kampen. Han har ikkje sloppe inn fire mål på dei to siste åra.

– Det andre målet er verkeleg dårleg av meg, og på tidspunktet målet kjem på blir det veldig utslagsgjevande, seier Frendreup. Han viste absolutt sine libero-kvalitetar som spelpunkt bak, men på ein god dag ville han hatt langt større utteljing. Men Runar Hove backar opp Frenderup og meiner det er menge som har skuld i at dei ikkje lukkast å halde på leiinga, eller score fleire mål.

– Nicklas har vore vår beste så langt i år, men vi blir hardt straffa om vi gjer småfeil mot slike lag, seier han. Med sitt andre mål for sesongen er han Florø sin toppscorar.

– Det er ikkje EG som skal vere vår toppscorar, strekar Hove under. Ein som derimot ønsker å bli det er Monir Benmoussa som etter kunstmålet borte mot Fredrikstad førre helg fekk tillit på topp.

– No er vi veldig skuffa etter tapet, og eg har ikkje lyst å snakke om det som har skjedd før. Eg kan love at eg kjem til å score fleire mål framover om eg får tillit i Florøangrepet, seier Benmoussa.

Florø-trenar Terje Rognsø klarer ikkje heilt å glede seg over det tidvis gode spelet, for personlege feil, og defensivt rusk prega inntrykket.

– Dei opplevast som om dei har fire avslutningar på mål og scorar på alle. Vi rotar gjer personlege feil vi blir hardt straffa på og saknar ein spelar som er god feilvendt, seier Rognsø og sikta til ein spelar med Kupen sine kvalitetar. Benmoussa vart for lett feilvendt mot forsvarsfiraren til Start.

Rashad Mohammed kom inn for Benmoussa etter 66 minutt og kom seg til to store sjansar.

– Var det feil å ikkje starte med Rashad frå start?

 – Nei. Det er sportslege grunnar til at vi valde Monir ifrå start. Rashad har ikkje sett standarden på trening, spesielt defensivt,  avsluttar Rognsø.

– Vi fekk trøkk mot oss

Tomålsscorar Espen Børufsen fortel Florø var eit tøft lag å møte.

– Dei sette verkeleg trøkk på oss frå start, og vi var ute og køyre på 1-0, men heldigvis fekk vi ein kjapp utlikning og leiing før pause, seier han. Han hevda Florø var ballsikre og spelte med stor entusiasme.  Han er også trygg på at det er fleire enn dei som kjem til å få trøbbel på Florø stadion.

– Det er lettare å spele mot "stjerner" som daffer rundt enn gutar som tydeleg blør for drakta, kom det frå Børufsen som var veldig overraska over ramma til kampen.

– Ei slik bane, og ei slik ramme, ja det er vi faktisk ikkje vande med lenger, veldig moro fortalde Børufsen og gav honnør til arrangøren.

1. Ranheim 7 5 2 0 9 4 +5 17        
2. Start 7 5 1 1 19 8 +11 16        
3. Bodø/Glimt 7 5 1 1 16 10 +6 16        
4. Sandnes Ulf 7 5 1 1 11 6 +5 16        
5. Mjøndalen 7 3 4 0 16 8 +8 13        
6. Ullensaker/Kisa 7 4 1 2 14 10 +4 13        
7. Strømmen 7 3 2 2 5 5 0 11        
8. Åsane 7 2 2 3 11 13 -2 8        
9. Levanger 7 1 4 2 8 7 +1 7        
10. Florø 7 1 4 2 6 10 -4 7        
11. Tromsdalen 7 1 3 3 9 11 -2 6        
12. Jerv 7 0 4 3 7 12 -5 4        
13. Arendal 7 1 1 5 6 11 -5 4        
14. Elverum 7 0 4 3 5 15 -10 4        
15. Fredrikstad 7 0 3 4 5 9 -4 3        
16. Kongsvinger 7 0 3 4 9 17 -8 3  
13.05.2017 7. runde OBOS-ligaen Arendal 0 - 3 Levanger Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Florø 1 - 4 Start Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Jerv 2 - 2 Kongsvinger Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Mjøndalen 2 - 2 Elverum Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Ranheim 1 - 0 Fredrikstad Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Sandnes Ulf 3 - 0 Bodø/Glimt Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Strømmen 1 - 1 Tromsdalen Eurosport Player  
  7. runde OBOS-ligaen Ullensaker/Kisa 2 - 3 Åsane Eurosport Player

Kommentarer til denne saken