Patrik Johannesen ferdig i Florø Fotball

FERDIG: Patrik Johannessen vart hindra av skader og vart aldri den målgarantisten Florø Fotball hadde håpa på. Her i kampen mot Ham-Kam 26. august i år der Florø tapte 0-1.

FERDIG: Patrik Johannessen vart hindra av skader og vart aldri den målgarantisten Florø Fotball hadde håpa på. Her i kampen mot Ham-Kam 26. august i år der Florø tapte 0-1.

FOTBALL: Er allereie tilbake på Færøyane.

DEL

Patrik Johannesen fekk lite ut av si tid i Florø Fotball. Han viste lovande takter på forsesongen og scora mellom anna hat-trick i treningskampen i Svelgen mot Hødd. Men så kom skaden som sette han på sidelinja og ut av spel.

Heile våren og sommaren gjekk utan at han fekk gras under knottane.

Skadefri

I haust fekk han endeleg vist seg fram på bana for Florø Fotball. Først med ei straffescoring i stormen på heimebane mot Sandnes Ulf, men det han vil bli mest huska for i Florø er den viktige matchvinnar-scoringa på Ågotnes i 0–1 sigeren mot Nest-Sotra. Men då Florø slo Viking no i haust vart han plassert på benken igjen sjølv om Vegard Savland også var ute. Då vart dei to 10-typane Lorent Callaku og Moses John Dyer peika på som betre alternativ.    

Lite speletid, og han melder sjølv at han ikkje kjenner seg heilt 100 prosent til å yte sitt beste for klubben i dei siste kampane som står att, gjorde det enklare å komme til ein felles konklusjon mellom klubben og spelaren.

Så no er han altså ferdig i Florø Fotball.

- Best for begge partar

– Vi har hatt ein veldig god dialog med Patrik og er blitt samde om at vi terminerer kontrakten. Han er ein veldig sympatisk kar som forklarte at han ikkje var heilt fit for å kunne bidra for klubben i kampane som står att. Difor har vi kome til ei semje som er god for begge partar, seier dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik.

Johannesen er allereie tilbake på Færøyane der han også har ein kjærast. Ved at kontrakten er terminert har han også høve til å bidra som spelar i ein klubb i sin heimlege serie no i haust.

Artikkeltags