"Olly" blir med vidare

BLIR MED: Backen Oliver Rotihaug (21) har signert ny kontrakt med Florø Fotball.

BLIR MED: Backen Oliver Rotihaug (21) har signert ny kontrakt med Florø Fotball. Foto:

FLORØ: Den skadeplaga backen frå Eid, Oliver Rotihaug signerte for Florø i går.

DEL

– Han er skadd no, men er ein speler vi ønskjer med vidare. Han er viktig både i form av kvalitetane han har på bana og i miljøet, seier Florø Fotball sin nye trenar Frode Nybø.

Oliver Rotihaug (21) har over 50 kampar for Florø. Han kom til Florø frå SK Brann som angripar. Under Terje Rognsø vart han omskolert til back og vingback der han til tider briljerte. Dette er ei rolle både han sjølv- og trenar Frode Nybø ser føre seg at han skal ha i 2019 også.

– Eg kan nok spele ving ein kamp eller to om det skulle vere behov for det, seier Rotihaug.

Det står stor respekt av klubben som signerer meg sjølv om eg er skadd

Oliver Rotihaug, Florø Fotball

Skade på skade

ERFARING: Sjølv om Oliver "Olly" Rotihaug berre er 21 år er han erfaren spelar med 50 Florø-kampar i beltet. Her heime mot Mjøndalen.

ERFARING: Sjølv om Oliver "Olly" Rotihaug berre er 21 år er han erfaren spelar med 50 Florø-kampar i beltet. Her heime mot Mjøndalen. Foto:

Mot Aalesund i august brekte han leggbeinet slik at han mista haustsesongen. Og han var ikkje før tilbake i trening igjen, før akillessena rauk på trening no i november. No går han med krykker og har skinne på foten. Han må vente godt ut på våren før han kan vere i full trening igjen.      

– Det tar normalt seks månader før eg kan spele fotball igjen, seier Rotihaug som håper at han denne gongen er ferdig med skademarerittet.

Men med nysignert kontrakt ser han fram til å spele for dei svarte og blå neste haust.

– Målet er å vere med å få Florø opp i Obosligaen igjen, seier backen.

– Står respekt av

Rotihaug fortel han ikkje opplevde å vere den mest ettertrakta spelaren på marknaden etter at han rauk akillesen i det Florø rykte ned.

– Når du er skadd er du ikkje så attraktiv hos andre klubbar, så det står stor respekt av Florø som gav meg kontrakt og ønskjer meg med vidare, seier han.

Olly fortel at han trivast i Florø og ser fram til å vere med på laget som tek mål av seg om å kjempe i PostNord-toppen.

Med Halvor-Solheim-Olsen, André Frøyen Reksten, Simen Reksten Solheim og Christer Husa på plass, i tillegg til dei spelarane som er under kontrakt, så er det meir optimisme å spore i Florø Fotball før neste sesong.  

Artikkeltags