Han hadde ikkje scora for Florø sidan comeback-kampen borte mot Stord i april i fjor. Men endeleg etter 72 minutt fekk han scoringa som berga poenget heime mot Åsane. Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde var godt nøgd med poeng på Florø stadion sjølv om dei tok leiinga i 2. omgang. Meir nøgd enn Terje Rognsø som meinte det var berre Florø som ville spele fotball denne gongen.

– Ja eg er ikkje nøgd. Men det er først og fremst på grunn av resultatet. Vi speler bra på ei ekstremt rask bane. Og vi skaper sjansar nok til å kunne avgjere dette, seier florøtrenaren.

 

Han likte ikkje at dommaren pirka og stoppa spelet heile tida.

– Det var knapt ein fordel gjennom heile kampen. Det var rett nok begge vegar, men stopp i spelet var det eitt lag som tente på i dag, og det var ikkje oss, kom det frå Rognsø.

Solid spel

Åsane hadde ein klar plan om å ligge lågt og kontre på Florø. Og nettopp det lukkast dei med. Etter 63 minutt får kjappe Erik Huseklepp rom på kanten. Han går til dødlinja og finn Simen Lassen på første stolpe. Lassen sklir inn 0–1 og det var tyst blant dei 902 på tribunen.

Florø klarer å halde hovudet kaldt og halde fram med spelet. Og ti minutt seinare får dei altså uttelling. Peter Aase legg hardt inn i boksen og der knaller Solheim-Olsen inn sitt første Obos-mål.

– Det var utruleg herleg. Dette har eg venta lenge på, seier Solheim-Olsen. Han fekk eit par fine sjansar borte i Bodø sist, men no sat den og det var nok til at poenget vart redda.

Florø var spelemessig det klart beste laget. Spesielt i 2. omgang dominerte dei.

– Vi rundspeler dei i andre omgang, så det er litt surt at vi ikkje vinn. Vi taper to poeng i dag, seier florøspissen Endre Kupen. Dette var ein kamp der dei yngste spelarane fekk tillit.

God Høydal

Eirik Høydal fekk sin første kamp frå start, ikkje for at han skulle få kjenne på nivået, men på grunn av at han har fortent det over tid. Med 23 mål for Florø 2 som back og kantspelar seier sitt. Han fekk også ein sjanse til å score i første omgang.

 

– Det er slik på dette nivået at du må sette sjansane når dei kjem. Eg vil nok ikkje få sove i kveld, seier Høydal og smiler. Han var langt ifrå noko gutespelar i duellane, og hadde nokre gjenvinningar som trefte rette i hjartet til Stimen-gjengen opp under taket. Høydal vart bytta ut med Torbjørn Aabrekk etter timen. På tampen fekk også Torje Naustdal (17) sin debut på Obos-nivået. Planen til Rognsø var at Naustdal, som er sterk på boksopnarpasningar, skulle finne luka i Åsane-muren for å sikre alle tre poenga.

– Du tenkte ikkje å få inn duellstyrke med Erlend Hove på slutten?

– Nei, då kunne det blitt berre langt. Vi skapte sjansane ved å spele fotball, men vi lukkast berre ikkje å få målet som skulle til, seier Rognsø.