Det er ikkje noko ulempe å få 50.000 kroner rett opp i hendene fordi du lukkast med det du brenn for. Det opplevde Elise Isolde Stenevik (18) på søndag. 

At Elise Isolde Stenevik (18) ville nå langt i fotball var ikkje noko overrasking. Ho spelte med gutane og bøtta inn mål heilt opp til gutte-nivået i heimeklubben. I ei tid der det var tungt å få opp eigne jentelag, tok trenarane Rune Hovland og Kåre Aven ho under vengene sine og lét ikkje talentet gå tapt.

No spelar ho fast på venstrebacken til toppserieklubben Arna-Bjørnar som er i semifinalen i cupen og har framleis ein liten sjanse på medalje i årets sesong. Ho har ei rekke kampar med flagget på brystet i aldersbestemte landslag og målsettinga til den seriøse 18-åringen er å nå seniornivået.

Denne helga var ho heime i Florø og var sjølvsagt på Florø stadion der dei svarte og blå møtte Ranheim i den 24. serierunden.

 

– Eg visste ingenting, og vart litt overraska då eg vart invitert inn i klubbhuset og fekk 50.000 kroner av Sparebanken Sogn og Fjordane, seier fotballtalentet. Etter kvart skulle heideren sette seg, og ho skjøna at kampen om sjekken var større enn ho hadde rekna med.

– Eg trudde først det var eit stipend blant unge jentespelarar i fylket, men dette var heile kultursektoren og eit aldersspenn mellom 15 og 30 år. Veldig stas, seier florøjenta.

Pengane skal ho spare og dei kjem godt med.

Juryen si grunngjeving:

Elise Isolde Stenevik frå Florø har spelt fotball sidan 7-8-årsalderen, og allereie som 16-åring fekk ho kontrakt med toppserieklubben Arna Bjørnar (som kom Sandviken i forkjøpet). I landslagssamanheng har ho vore med på aldersbestemte landslag frå J15 og frametter. I år har ho jamvel vore å rekne som fast inventar på J19; og er blant spelarane med mest speletid.

Juryen har dermed fått alle moglege bevis på at Elise er ein seriøs, hardtarbeidande og målretta fotballspelar – og trur at ho kjem til å vere ein viktig bidragsytar for norsk fotball i mange år framover. Juryen gratulerer med stipendet, og ønsker all mogleg lukke til vidare!

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (Firda),

Torill Faleide (Førdefestivalen)

Trude Skarvatun (Førde kulturskule),

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, SOFT/Hordaland teater)

og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)