Oslo-flyet frå Florø er innstilt

Passasjerane frå Florø blir frakta til Bringeland.

DEL

Det er tekniske problem som gjer til at Widerøe-flyet som skulle gå til Oslo 09.25 frå Florø er innstilt.

- Flyet skulle etter ruta gå frå Oslo i dag tidleg, via Haukåsen i Sogndal og til Bergen og Florø, står no på bakken på Gardermoen, seier Leif Helge Kvalheim hos Florø Flyservice.

Passasjerane som skulle reise med flyet frå Florø i dag 09.25 blir frakta til Førde og Bringeland der det er rekna avgang til Oslo 09.55.

- Et er eit puslespel for å få passasjerane fram, men har vi lukkast med å få passasjerane som skal til Oslo i dag via Førde, seier han.

Artikkeltags