- No er det viktigare å få spelarane til å skjøne kvifor vi scorar, enn at vi scorar

EVANGELIUM: Terje Rognsø jobbar no med å få spelarane til å skjøne prisippa og filosofien dei skal spele etter i år.

EVANGELIUM: Terje Rognsø jobbar no med å få spelarane til å skjøne prisippa og filosofien dei skal spele etter i år. Foto:

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Florø Fotball og troppen på 22 er tilbake frå treningsleiren på La Manga sør i Spania. Der fekk dei oppleve på atmosfæren saman med eliteserieklubbane som i årevis har nytta anlegget til sesongførebuing.  Men alt var ikkje optimalt, skal vi tru hovudtrenaren.

– Det var ok, men vi har vel hatt betre treningsleiar, svarer Rognsø.

Noko av det dei ville terpe på fekk dei ikkje gjort på grunn av skader på sentrale spelarar. Dessutan var banene harde og vanskelege å venne seg til. På slutten vart vind og nedbør ei utfordring.

– Vi fekk to kampar mot lag vi vil møte i år, og det er viktig. 

– 4–1 mot Tromsdalen er jo eit sterkt resultat er det ikkje?

– Du får meg ikkje til å ta av sjølv om vi scora fire mot Tromsdalen. Det er ein spesiell kamp med ein del tilfeldigheiter grunna sterk vind. Eg legg ikkje så mykje vekt på den kampen, men det er kjekt å score mål. Det skal eg ikkje legge skjul på. 

– Er ikkje slike resultat noko som bygger sjølvtillit i gruppa?

– Eg trur ikkje resultatet i og for seg bygger mest sjølvtillit. Eg trur sjølvtillit kjem om vi ser grunnane til kvifor vi speler oss til sjansar, min strategi er at flest mogleg får vise seg fram og at det vi jobbar med på trening skal vise igjen i kamp, seier Rognsø og meiner at det er viktig å få spelarane til å skjøne korleis dei skal spele seg til sjansar. Med andre ord er det viktigare no på forsesongen at spelarane skjøner kvifor dei kjem til scoringssjanser, enn at dei faktisk scorer.  

NYE STEG?: Franske Rashad Mohammed blir ein viktig spelar for Florø Fotball i år. Her i kamp mot Ull/Kisa på La Manga.

NYE STEG?: Franske Rashad Mohammed blir ein viktig spelar for Florø Fotball i år. Her i kamp mot Ull/Kisa på La Manga. Foto:

– Vi har litt å gå på defensivt både i midtbaneleddet og i forsvaret. No er vi slitne etter mykje trening, men vi skal sleppe litt opp og få lettare bein framover, seier han.

Det er no på forsesongen at treningsgrunnlaget blir lagt for resten av sesongen. Spelarane skal tole mange kampar slag i slag, ikkje jobbe seg mot ein formtopp som til dømes idrettar som rettar seg mot dei store meisterskapa i sesongen. 

Nye namn

Monir Benmoussa (23) har signert for eit år i Florø med opsjon på eitt til. Han kan bli brukt i fleire posisjonar, men no på forsesongen er han nytta mest på venstresida. Han er ein spelar som har vore mykje skadd, men han vil tilbake på nivået han hadde då han spelte for Vålerenga, og det er han på veg til, meiner hovudtrenaren. Christopher Lindquist (21) er forsvarsspelar på lån fram til haustsesongen ifrå Strømsgodset.

Alioune «Badou« Ndour (19) markerte seg for Florø på La Manga. Angriparen har reist tilbake til Senegal i påvente på at det formelle knytt til spel i Florø-trøya skal ordne seg. Det gjeld arbeidsløyve, og det kan vere utfordringar som gjeld krav ifrå andre klubbar.

– Det er nokre ting vi må få sjekka opp i. Han er uansett ikkje klar til seriestart. "Badou" er ein spelar vi ser i eit lengre perspektiv. Vi har skrive avtale fram til sommaren 2019, seier Rognsø.

Kristoffer Ryland er tidlegare i full trening tidlegare enn i fjor, det er det positive. Ulempa med Ryland er at det har gått lang tid sidan han spelte sist. Onsdag speler han etter planen treningskamp mot Førde og laurdag mot Raufoss, om alt går etter planen.

Allereie onsdag vil Runar Hove spele mot Førde. Han er ikkje 100 prosent, men det skal ikkje vere medisinsk uforsvarleg å la han spele.

"Blø-for-drakta" -kickoff

Neste laurdag kjem den nye OBOS-drakta til Florø Fotball. Det vil bli ei markering og eit lite vorspiel til seriestarten for supportarar. 

– Vi skal ha ein skikkeleg Kickoff før Raufosskampen på Florø stadion. Skjerfa må vi kanskje vente på, men drakta skal vere klar. Vi veit det er mange som vil sikre seg Florø si første Obos-drakt, og det vil vi sjølvsagt legge til rette for, seier Rognsø.

– Korleis ser den ut?

– Har ikkje lyst å røpe for mykje, men vi synest den ser utruleg kul ut. Vi fekk alle merkene inn på kontoret mitt i går, så no er vi i gang med å trykke, seier han.

Artikkeltags