To dansande kokkar

Kokkane svingar rundt på Hilde Katrine Wiik og Gro Leni Hansen. Dei lovar tangorytmar i kaserollane også.

Kokkane svingar rundt på Hilde Katrine Wiik og Gro Leni Hansen. Dei lovar tangorytmar i kaserollane også. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Førdefestivalen tjuvstartar i Florø med ein smak av tango.

DEL

 

- Onsdag 5. juli blir det tangoklubb på Haavebua, nesten som i Buenos Aires, seier sponsor- og salsansvarleg for Førdefestivalen, Hilde Katrine Wiik.

Ho og Gro Leni Hansen på Quality Hotel har trekt i kjole og høge hælar for å tjuvstarte tjuvstarten i lunsjen måndag. Dei har lokka med seg to kokkar ut frå kjøkkenet: Frode Norevik og Torger Torgersen.

Kokkane skal forresten lage tangorytmar i kaserollane også. Dei kjem til å servere tapas-tallerken med argentinsk preg. Baren blir open, og Kinn Bryggeri stiller med eige festivaløl.

Men, tilbake til musikken

La Porteña Tango Trio kjem frå Argentina, landet som hevdar å vere tangoens vogge, noko Uruguay protesterer kraftig mot. Dei om det.

På repertoaret står alt frå gamle kreolske valsar og dei første tangotonane frå 1920-talet til meir moderne versjonar.

Danseparet Amira Luna og Damián Roezgás dansa seg til finalen i tango-VM i 2015.

Gruppa har turnert i tjue land på 4 kontinent. Og no står Florø for tur.

Her kan du sjå og høyre ein liten smakebit.

Haavebua har tenkt å pynte seg

Haavebua kjem til å sjå litt annleis ut enn vi er vane med.

– Vi flyttar scena ut i lokalet, både fordi det er betre å danse på tregolv, men også fordi vi vil skape ei intim stemning. Dansarane kjem til å svinge mellom borda og publikum, seier Gro Leni Hansen.

Det er fjerde året Førdefestivalen har konsert i Florø, men første året på Haavebua.

– Folk må gjerne bli att etter konserten. Baren er open, og skulle folk få dansefot, så blir det ei råd med det òg. Vi kjem til å spele tangomusikk på lydanlegget, seier Hansen.

– Elles kan det no nemnast at Førdefestivalen har tangokurs i Førde. Kurset går over to dagar, både torsdag og fredag. Og det er framleis ledige plassar, seier Wiik.

Dei to ser seg molefonkne rundt, kvar blei kokkane av…?

Dei har nytta pratepausen til å snike seg ut der dei trivst best. På kjøkkenet.

Artikkeltags