Uvanleg mange flystriper på himmelen

Striper på himmelen etter fly.

Striper på himmelen etter fly.

Blå klar himmel og det som ser ut som uvanleg stor flyaktivitet - får mange til undre seg.

DEL

Leif Ekehaug på Krokane har undra seg i heile dag over kor mange parallelle kondensstriper det har vore etter flyaktivitet.

– Eg lurer veldig på kva det er som skjer. Så stor flytrafikk er ikkje normalt. Kan det vere ein slags unntakstiltstand, lurer han på.

Vi kontakta tårnet på flyplassen i Florø, som viste til at det er uvanlege gode optiske forhold for å sjå kondensstripene etter flya.

Ved visse temperaturar, atmosfæriske og lysforhold blir spora etter jetmaskiner oppe i lufta veldig synlege. Flya slepp ut vassdamp, CO2 og forureining på si ferd over himmelen.

Artikkeltags