– Ein veit knappast kor ille dei faktisk har det

Bilde er tatt av Mona Lise Winther etter eit besøk i Hellas tidlegare i år. Kulda var bitande og fleire barn og kvinner var heilt utan skikkeleg vinterklede.

Bilde er tatt av Mona Lise Winther etter eit besøk i Hellas tidlegare i år. Kulda var bitande og fleire barn og kvinner var heilt utan skikkeleg vinterklede.

Artikkelen er over 3 år gammel

Har du gamle vinterklede du ikkje lenger brukar? Eller har ungane vakse ut av fjorårets vintersko?

DEL

Sjå for deg at du står midt i ein flyktningleir i Tyrkia eller Hellas. Vanskelig ja? Men prøv. Rundt deg er det tusenvis av barn, kvinner og menn, gamle som unge. Dei fleste utan sko, kanskje i sandalar, og uten vinterjakke. Temperaturen søkk og gjørma du står i blir hard og kald. Litt framfor deg brenn det eit bål av søppel. Titals menneske samlar seg rundt bålet og prøvar å få varmen. Så byrjar det å snø.

– Eg trur ikkje folk veit kor ille det er. Det blir kjempekaldt og berre om nokre veker kjem det til å snø. Då eg arbeida som frivillig i fjor vinter gjekk eg i ullundertøy frå Kari Traa og likevel var eg kald. Samtidig gjekk små barn rundt utan sko på beina, fortel Mona Lise Winther frå Florø.

Laber respons

I fjor hadde Winther fleire turar til Hellas og Tyrkia som frivillig for hjelpeorganisasjonen «Dråpen i Havet». Denne vaka har ho saman med andre frivillige i Florø arrangert innsamlingsaksjon av varme jakker, sko og ullundertøy som skal sendast til ein flyktningleir i Nord-Hellas.

– Dei har sårt brukt for alt, men det mest kritiske er varme sko og varme jakker. Dessverre har responsen vore laber og vi har ikkje mottatt like mykje som vi hadde håpa på, seier Winther.

Hjelp oss å hjelpe- vi sender varme jakker og sko til Nord Hellas i starten av neste uke!! DHo fortel at sjølv om flyktningstraumen har avtatt noko, er det framleis tusenvis av menneske som sit fast i flyktningleirar med stengde grenser i alle retningar. Situasjonen er vanskeleg og flyktningane har likkje anna alternativ enn å bli verande i leirane.

– Dessverre har både folk og media mista interessa. Men livssituasjonen for flyktningane er uendra og behovet for hjelp er like stort. Og endå større no som vinteren nærmar seg.

– Ta ein ekstra tur i skapet!

Winther jobbar til dagleg med klede og har fått fleire av leverandørane til å donere. Likevel merkar ho det var enklare å vekke interessa til folk før.

– Vi treng alt, frå pengedonasjonar til frakt og transport, til klede og sko. Aller viktigast er det at kleda er heile og reine, for dei skal takast i bruk med ein gong dei er kommen fram. No oppfordrar eg alle om å ta ein kikk i kleskapet og sjå om ein har noko ekstra klede ein ikkje treng eller brukar lenger. Det er garantert nokon som vil sette hundre gonger meir pris på det.

INFO:

Klede og sko kan leverast i butikken «Style by Me», Strandgata 34, Florø, mellom klokka 10.00 og 15.00.

I tillegg kan ein levere i Bjørnestien 8. Telefonkontakt: 936 18953

Pengedonasjonar til kontonummer: 37901734020 Flyktninghjelp

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken