Kanskje enklare, men langt dyrare

Easy Park appen ved Amfisenteret.

Easy Park appen ved Amfisenteret. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Skulle tru at innføring av ein parkeringsapp skulle gjere parkering enklare og billegare. Så enkelt er det nok ikkje.

DEL

Appen er praktisk til korttidsparkering, men skal du parkere over lang tid på Europark sitt område ved Amfi-senteret, så blir du straffa økonomisk om du brukar Easy Park sin app for mobiltelefon.

- På parkeringsautomaten er det avgiftsparkering mellom klokka 10 og 18, med gratis dei første tre timane. Brukar du Easy Park sin app så er det avgiftsparkering frå klokka 08 til 20. I tillegg legg dei på 15 prosent på prisen. Dermed blir det langt dyrare å bruke appen, seier Ingvar Hopland, som har teke opp problemstillinga med både parkeringsselskapet og teknologileverandøren Easy Park.

Easy Park viser til Europark, som på si side seier dei må ta det opp med oppdragsgjevar Amfi Florø. Hopland har korrespondert om saka eit par månader utan å få noko konkret svar.

For ordens skuld, så er ikkje problemstillinga den samme med det kommunale parkeringsselskapet i Florø, som har harmonisert sine parkeringsvilkår mellom vanleg automat og parkeringsapp.

Artikkeltags