Karsten Warholm (21) sluttar ikkje å imponere. Han regelrett knuste sin eigen norske rekord på 400 meter under Florø Friidrettsfestival på tida 44.87 laurdag. Dette er eit sekund og 23 hundredelar raskare enn rekorden han sette i Kristiansand i august i fjor. Han hoppa dermed over 45-talet då han skulle stemple inn rekorden. Å skjerpe sin eigen norke rekord på den klassiske runda rundt bana med 1.23 sekund, er ei rekordforbetring som manglar sidestykke. (saka held fram under bildet)
– Denne såg eg ikkje komme, kommenterte Warholm som kom sterkt ut ifrå start. Sør-Afrikanske Pieter Conradie med 45.15 som pers vart regelrett distansert. For dette skulle berre handle om fenomenet frå Dimna. Det var tydeleg at steget til sunnmøringen stemte inn mot mål der han seig i frå Conradie. Det var faktisk 20 meter igjen av løpet då speaker Ståle Jan Frøynes allereie kunne konstatere at det ville bli ny norsk rekord på distansen.
Eg er berre heilt fantastisk fornøgd
Karsten Warholm
– Eg kjente eg var litt meir nervøs enn vanleg i dag, fortalde Warholm som trengte fem minutt for seg sjølv rett etter rekordløpet. Det var tydeleg at han hadde henta ut alt. Men han var ikkje den einaste. Trenar Jon Olav Alnes var også uvaleg taus til han å vere etter målgang.
- For ei grufull øving, sa Ullsteinviks store sønn då han kom til hektene igjen. Men han var også raskt framme med å peike på at det var verdt det når resultatet vart rekord.
- Eg likar å la resultata prate for seg sjølv, slik som i dag.
Warholm satsar no på 400 meter hekk. Men med 44.87 på 400 meter flatt er han verkeleg ein mann å rekne med også om hekkane skulle vore fjerna. 44.87 er den beste 400 meter-tida i Europa i år, og den tiande beste tida i verda i 2017.
- Eg klarer kanskje å få det til å sjå lett ut, men det kjem av at det har vore lagt ned veldig mykje trening med kvalitet bak dette. At eg får det til er eg veldig glad og ydmyk for, seier han. Men no gler eg meg berre til fisketur, kom det frå rekordmannen som blir den alle vil snakke med når alle utøvarane tradisjon tru avsluttar friidrettsfesten med fisketur i florøskjergarden.