Set si lit til publikum

Vann: Ben Jeffrey har lenge vore i toppen i sine aldersklassar. Her frå Tyrvingleikane på Nadderud Stadion 11.-12. juni i fjor. No tek han steget opp. Foto: Privat

Vann: Ben Jeffrey har lenge vore i toppen i sine aldersklassar. Her frå Tyrvingleikane på Nadderud Stadion 11.-12. juni i fjor. No tek han steget opp. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

FLORØ: 16 år gamle Ben Jeffrey Benert er hovudsakleg spent - men og litt nervøs - før senior-debuten på Florø Friidrettsfestival.

– Eg fekk høyre det igår, så eg er litt sjokkert. Men veldig spent! smiler den sympatiske 10.klassingen.

God sjølvtillig

Når han blir spurd om det også er skummelt å skulle springe mot seniorane for første gong, er han klar i svaret sitt:

– Nei, det er ikkje skummelt, berre spennande. Det blir ein test på korleis eg ligg an i høve dei, og det gir meg litt ekstra adrenalin i kroppen; det vesle ekstra, smiler han.

– Så då vil du rett og slett prestere endå betre mot seniorane enn til vanleg?

– Det trur eg. Dessutan kjem eg til å ha florøpublikumet i ryggen og det gjer det endå betre. Då har eg nokon som støttar meg og pushar meg!

– Det høyres ut som sjølvtilliten er i orden?

– Sjølvsagt er eg nervøs også. Men eg kjenner meg klar i kroppen. Eg har hatt ein lang periode med god trening no, og slik var det ikkje i fjor. Då var eg i dårleg form, eg hadde skadde etter skade. I år har eg jobba hardt og skadeførebyggande i heile vinter, hovudsakleg i høve hamstring- og hofteskadar. No er eg heilt skadefri og kjenner meg i toppform, erklærer han.

Hovudtrenaren hans er Thor Kjerpeset i friidrettsgruppa til FTIF. Men også far Benert Matthews er veldig involvert i sonen si idrettskarriere, fortel han.

– Pappa studerer løpa mine og ser på små detaljar og tipsar meg om kva som kan forbetrast, medan Thor er den som legg opp treninga og dei grunnleggande teknikkane, forklarar Ben Jeffrey.

Elskar å komme først

Han spring også hekk, og der er det Tone Strømmen Kjerpeset som er trenar. Under Florø Friidrettsfestival deltek Ben Jeffrey i 100 og 200 meter.

For å bli god nok til å konkurrere mot seniorane når ein er 16 år gammal, trengs det trening fem-seks gongar i veka på det jamne.

– Men vi har endra det litt no når vi konkurrerer - då går vi ned på mengd og opp på kvalitet.

Friidrettsgruppa i FTIF tel 10-12 unge, og det har komme med nokre fleire i det siste. Ben Jeffrey har sprunge sidan 1. klasse.

– Eg har alltid hatt lyst å springe fort, eg har det i blodet. Det er så kjekt å springe og komme først, ler han.

Artikkeltags