– Eg vil bli så kjapp eg kan litt til

VENTAR: «Alle» vil at ho skal satse på 400 meter etter suksessen i fjor. Sjølv vil ho satse på Formel 1 litt til. - Det er ikkje noko ulempe å vere kjapp om du skal springe 400 meter, slår ho fast. Foto: NTB

VENTAR: «Alle» vil at ho skal satse på 400 meter etter suksessen i fjor. Sjølv vil ho satse på Formel 1 litt til. - Det er ikkje noko ulempe å vere kjapp om du skal springe 400 meter, slår ho fast. Foto: NTB

Artikkelen er over 2 år gammel

SPRINT: Imotsetning til kjærasten Øyvind Strømmen Kjerpeset, vil ikkje Christine Bjelland Jensen satse på det ho er best til, heilt enno.

DEL

I fjor suste Christine Bjelland Jensen inn på 54.19 på 400 meter i Florø. Ei kjempetid for ein sprintar som var nærast ukjent med øvinga. Dette fekk dei fleste forståsegpåarar til å konkludere på Bjelland Jensen sine vegner. Også trenaren Eystein Enoksen var klar. Ho burde saste alt på full runde.

På sikt

– Eg tenker 400 meter meir på sikt. Eg har slitt litt med ein hamstring-skade dei siste tre fire åra, men det siste halvåret har eg kjent mindre til det, så sjølv om trenaren min peiker på 400 meter, så no vil eg springe sprint i år. Eg trur dessutan ikkje det er noko ulempe å bli raskare om eg på sikt skal bli god på 400 meter, seier ho.

Møter «svigerinna»

I Florø skal ho etter planen springe 100 meter og 200 meter om ingen klarer å få ho med på 400 også. På sprinten møter ho søster til kjærasten sin, Kristi Strømmen Kjerpeset.

– Veldig kjekt å springe med Kristi. Ho har slitt mykje med hamstring, men er no blitt mykje raskare, seier ho.

Ho fortel at ein hamstringskade er vanskeleg å bli kvitt.

Skade hemmar

– Skade har hemma meg veldig i trening dei siste tre-fire sesongane. No er eg betre enn nokon gong. Men eg må vere forsiktig og passe ekstra på.

– Kva er måla for sesongen?

– Eg skal springe på pers. Det er den klare målsettinga. Eg har ikkje noko tider eg tenker på, men håpar å vere ned mot 24 blank på 200 meter allereie i Florø.

Persen ho har på 100 meter er sterke på 11.88. Sjølv om ho ikkje har tider i hovudet kjenner ho seg trygg på at ho når persen om ho held seg skadefri.

– Det blir ikkje sasting på 400 meter i år?

– Eg utsetter det litt, Det er rett og slett kjekkare å trene og konkurrere på 100 meter og 200 meter. I fjor sprang eg veldig godt på 400 meter, og det var jo kjekt. Men det er ein veldig tung tung øvelse skal du bli god. No meiner eg at potensialet mitt skal ut på 100 meter og 200 meter når eg først er skadefri og har sjansen til det. Det er ikkje noko ulempe å vere rask om du skal springe 400 meter for å seie det slik, poengterer Bjelland Jensen til slutt.

Artikkeltags