Ein heilaftan med ekstremisme

Tysdag inviterar Florø Filmklubb på film og foredrag om ekstremisme.

Tysdag inviterar Florø Filmklubb på film og foredrag om ekstremisme. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Det er viktig å hugse at det vi syns er ekstremt i dag, ikkje var det for 200 år sidan.

DEL

Tysdag kveld inviterer Florø Filmklubb til ein heilaftan med ekstremisme.

– Det blir mykje meir moro enn det høyrast ut som altså, lovar leiar i filmklubben Arne Hjorth Johansen.

Tema for kvelden er nemleg ekstremisme. Klubben har invitert skribent Kristian Bjørkelo for å halde foredrag og etter praten blir filmen «Four Lions» vist i kinosalen.

– Filmen handlar om fire unge menn som er lei av å ta ansvaret for verdas lidingar berre fordi dei er muslimar. Det er ein artig komedie om eit alvorleg tema som passar godt etter foredraget av Bjørkelo, forklarar Hjorth Johansen.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og filmklubben og er gratis og ope for alle, filmklubbmedlemmar eller ikkje. 

– Ekstremisme er jo eit interessant tema. Bjørkelo gav i vår ut bok om ekstremisme og er ein passande innleiar før filmen. 

Frå politisk til religiøs ekstremisme

– Eg skal snakke litt generelt rundt omgrepet ekstremisme, kva det betyr og korleis det blir brukt i dagens samfunn. Hovudlinjene i foredraget blir å forklare kva vi legg i ordet og kva problem som er knytt til måten det blir brukt på, seier skribent Kristian Bjørkelo.

I tillegg til å halde foredrag for filmklubben og florøværingar elles, skal han også halde foredrag for elevar på FLora vidaregåande skule på onsdag.

Florø Filmklubb har i år tilbudt film kvar tysdag og rundt halvparten av dei har gratis inngang. Frå venstre Arne Hjort Johansen, Marit Gjerstad, Ingvar Hopland, Maria Torheim Bjelkarøy, Siri Sande og Marie Stenbakk var initiativtakarar til Florø Filmklubb.

Florø Filmklubb har i år tilbudt film kvar tysdag og rundt halvparten av dei har gratis inngang. Frå venstre Arne Hjort Johansen, Marit Gjerstad, Ingvar Hopland, Maria Torheim Bjelkarøy, Siri Sande og Marie Stenbakk var initiativtakarar til Florø Filmklubb. Foto:

– Tema er dei ulike formane for ekstremisme som politisk og religiøst og med eksempel på dette, seier Bjørkelo til Firdaposten. 

– Ekstremt og farleg for omgivnadene

Skribenten trur det er fornuftig at folk har ei grunnforståing på kva ekstremisme er, og får eit meir bevisst forhold til ordet.

– Ekstremisme er jo eit negativt ladd ord som vi brukar som eit verktøy for å beskrive tankar og idear vi syns er ytterlege og farlege for omgivnadane. Likevel er det viktig å tenke på at det vi ser på som ekstremt i dag, ikkje var det for 200 år sidan og det som var ekstremt for 200 år sidan, ikkje er ekstremt i dag, forklarar han.

Han meinar og at ordet i stor grad blir missbrukt og "slengt rundt".

– Vi treng å ha ei forståing av at ekstremisme-omgrepet endrar seg over tid og at vi enno ikkje sit på svaret kva som er ekstremt eller ikkje. I dag brukar vi omgrepet for å stemple «dei andre». Vi er jo aldri ekstreme sjølv. Eit eksempel er Nelson Mandela, som har vore stempla som ekstrem og vore på terrorlistene, men i dag er hylla og fekk statsbegravelse då han døde, avsluttar Bjørkelo.

Artikkeltags