Drilljentene på plass i EM i drill

Artikkelen er over 2 år gammel

– No handlar alt om å halde nervane i sjakk, seier trenar Anja Knudsen.

DEL

I eit heilt år har dei terpa inn EM-nummeret. I dag skal dei endeleg få vise kva die er gode for på EM majorettes Crawley 2016, i England.

Den norske delegasjonen er nesten 300 i reisefølget. Frå Florø er det nærmare 60 som har tatt turen til meisterskapet i Crawley, litt utanfor London. Gjengen kom fram på torsdag og i går hadde dei lydprøve.

– Vi hadde ein kviledag før lydprøva. Den gjekk veldig bra og vi luka vekk det siste av smårusket, seier trenar Anja Knudsen.

Tøff konkurranse

Gruppa Florø Drill møter beintøff konkurranse frå England, Kroatia, Frankrike, Tsjekkia og Bulgaria. Gruppa startar klokka 14.30 og Florø er sist ut. Oppvisinga kan ein sjå live her. (Merknad: Noko dårleg til tider.)

– Jentene begynner å bli stressa ja, men eg er framleis roleg. Eg blir sjeldan stressa før dei går innmarsjen. No er det viktigaste å få roa jentene, få i dei noko fornuftig mat og drikke og ordne hår og sminke.

Glatte golv og mange nervar

– Nummeret må sitte heilt perfekt og det er ikkje rom for feil. Men under dei siste øvingane og generalprøvene har ting vore perfekt. No håper eg berre jentene beheld roa slik at alt går som det skal, seier Knudsen.

Les også: Anja drilla jentene heilt til EM og Kanon-innsats i EM

For sjølv om nervane er den største utfordringa, slit og jentene med glatte golv.

– Under prøvene var golva veldig glatte noko som gjer at jentene ikkje tør å gå heile skikkeleg i frykt for å gli. No er det heldigvis nokre drill-pappaer som er ute å ser om dei finn noko som kan løyse problemet, fortel Knudsen.

Spennande søndag

Nytt av året er at laga ikkje får vite poengscoren sin. Det blir derfor ein lang og spennande søndag før premie-seremonien klokka 18.

– Likevel er eg glad vi konkurrerer i dag, slik at vi er ferdig med det! No er det berre å krysse fingrane.

Firdaposten kjem tilbake med resultata søndags kveld.

    Flora samfunnshus 25. april 2015.

    Artikkeltags