Veteranbåt vil ha besøk om bord i Florø

Her ser vi ein munter gjeng om bord i veteranskipet "Gamle Oksøy"

Her ser vi ein munter gjeng om bord i veteranskipet "Gamle Oksøy" Foto:

– Vi er i Florø på søndag og ønsker folk velkommen til omvising og informasjon om Kystverkmusea.

DEL

Det seier Espen Frøysland, tidlegare kultursjef i Bremanger, men no arbeider han som museumsdirektør i Lindesnes fyrmuseum og er også leiar for Kystverkmusea.

Museumsskipet M/S Gamle Oksøy skal på sommartokt langs norskekysten og søndag 14. juli er dei i Florø. I samband med det vil dei gjerne ha besøk søndag føremiddag i tidsrommet mellom 11 og 13.  Dei vil gje informasjon om Kystverkmusea og det nasjonale losjubileet i 2020.

MS «Oksøy» blei bygd i 1962 hos Brødrene Lothe, Haugesund, som forsyningsskip for Kystverket. Skipet ble nytta til vedlikehald av fyr, lykter og merke langs kysten, og var registrert som tankskip med parafin og gass om bord til dei mange lyktene i leia.

"Gamle Oksøy" var i registrert som tankskip då det var i teneste hos Kystverket. No har veteranskpet base i Kristiansand.

"Gamle Oksøy" var i registrert som tankskip då det var i teneste hos Kystverket. No har veteranskpet base i Kristiansand. Foto:

Rasjonalisering og ombygging av fyrlyktene til solcelle- og batteridrift gjorde MS «Oksøy» overflødig, og fartøyet blei tatt ut av drift hausten 1996. Då Riksantikvaren ønskte å ta vare på eit representativt utval av fartøy med betydning for den norske sjøfarten, blei det foreslått å gje skipet vernestatus og bevare det i original, operativ stand. MS «Oksøy» blei gitt som gåve til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter frå Fiskeridepartementet august 1997, og fekk «Gamle» føyd til namnet.

I 2014 blei fartøyet overtatt av Lindesnes Fyrmuseum/ Kystverkmusea. «Gamle Oksøy» har vore på sommarturar jamnleg sidan. Den har segla 10.000 nautiske mil og hatt besøk av over 10.000 menneske i samband med besøk i 13 land.

– Det er flotte tal for eit veteranskip og det har vore mogleg å gjere i samarbeid med venneforeininga, som stiller med mannskap og vår kaptein Odd Nordahl-Hansen, som er er ansvarleg for den daglege drifta, fortel Simen Lunøe Pihl, museumsfagleg rådgjevar ved Stiftelsen Lindesnes Fyrmuseum og Kystverkmusea.

Artikkeltags