Dag Otto til Florø og Svelgen

OM FOLKEHELSE: Dag Otto Lauritzen skal halde inspirasjonsseminar for Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø og Svelgen 21. mars. Arkiv

OM FOLKEHELSE: Dag Otto Lauritzen skal halde inspirasjonsseminar for Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø og Svelgen 21. mars. Arkiv

Av

FLORØ: Sparebanken Sogn og Fjordane tar på seg spanderbuksene og presenterer Dag Otto Lauritzen og håper det kan inspirere.

DEL

– No gjentek vi suksessen vi hadde i 2014 med Marco Elsafadi der fokuset var på integrering av innvandrarborn til idretten i Flora kommune, seier banksjef i Florø Ole Aukland til Firdaposten.

I år har dei invitert med seg Dag Otto Lauritzen, og denne gongen er fokuset folkehelse.

– Vi kjem i forkant av foredraget i Florø gjennomføre ei eksklusiv spinningøkt med Dag Otto i banken der vi inviterer med oss lokale næringslivsleiarar, seier Aukland.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Målsettinga denne gongen er å fylle kinosalen både i Florø og Svelgen.

Etter den positive erfaringa frå 2014 skulle det vere fullt mogleg. Seminaret er onsdag 21. mars i Florø og torsdag 22. mars i Svelgen.

Les meir om inspirasjonsseminaret her

Artikkeltags