Dømt til 30 dagar fengsel for villmannskøyring

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein mann i 20-åra er dømd for grove brot på fartsgrensene og å ha sendt snap av speedometeret sitt i 160 km/t.

DEL

Sunnfjord tingrett dømde mannen til 30 dagar i fengsel og tap av førarkortet i to år. Han må ta ny førarprøve

I tillegg til at han har sjonglert med å bruke bilskilt frå andre bilar, bruke uregistrerte bilar på offentleg veg,  er han dømt for å ha køyrt bil i svært høg fart på offentleg veg og å ha utført farefulle forbikøyringar.

Ein dag i fjor sommar tok sunnfjordingen ein køyretur og tok BMW-en sin opp i svært høg fart. Han sende snapchat av speedometeret til ein kompis, som blei så bekymra at han kontakta politiet.

Politiet stilte seg opp ved Grov på riksveg 5 i Flora kommune. Dei såg mannen køyre forbi i høg fart, og bestemte seg for å følge bilføraren utan blålys eller sirene. I retten seier politiet i følgje NRK at dei hadde ein fart på mellom 150 til 160 km/t utan at dei klarte å ta igjen bilføraren. Mannen i 20-åra prøvde å gøyme seg på heimstaden, men politiet fann og arresterte han.

Tiltalte sa seg skuldig i retten, men påpeika at speedometeret var feil. Men retten la vekt på at speedometeret viste 160 kilometer i timen då den blei sendt og la til grunn at tiltalte køyrde i minst 144 kilometer i timen. 

 

Artikkeltags