Heile 17. mai-programmet finn du her

MELDT SOL: Slik som her i 2012 er meldingane at Florø vil bade i sol på nasjonaldagen.

MELDT SOL: Slik som her i 2012 er meldingane at Florø vil bade i sol på nasjonaldagen. Foto:

Her er alt som skjer på nasjonaldagen i Florø frå morgon til kveld.

DEL

17. mai er den dagen då tradisjon står sterkare enn elles. Og ut i frå vêr-prognosane ser det ut som det blir ein spesielt flott nasjonaldag i år.

HELD TALE: F. v. Hilmar Eliasson held talen på Torget etter morgonsprosesjonen 07.00. Marie Øverås Jensen held minnetalen for dei falne etter barnetoget. På stadion etter borgartoget held ordførar Ola Teigen tale før dagen før russepresident Solveig Knapstad held sin russetale.

HELD TALE: F. v. Hilmar Eliasson held talen på Torget etter morgonsprosesjonen 07.00. Marie Øverås Jensen held minnetalen for dei falne etter barnetoget. På stadion etter borgartoget held ordførar Ola Teigen tale før dagen før russepresident Solveig Knapstad held sin russetale. Foto:

07.00 Salutt og morgonprosjesjon

17. mai startar som alltid med salutt. Frå Rota kjem det tre kraftige drønn. Ein tydeleg påminnar på at det er på tide å komme seg opp og inn i finstasen.

Skal du velge eit år å oppdage "7-toget" , som det blir kalla på folkemunne, så er det i år. 17.-maikomiteen oppmodar borgarar av Florø spesielt å stille til morgonsprosesjonen i år, for per no ser det ut som vêrgudane spelar på lag. Det skal også påpeikast at Florø Hornmusikk er 130 år i år. Jubilanten har eit omfattande program under årets nasjonaldag, og dagen startar med morgonprosesjonen.  

7-TOGET: Startar ved Florø kyrkje og går rett austover Hans Blomgata (Skolegata), ned Torggata og vestover igjen til Fram, ned Fugleskjærsgata og austover Strandgata til Torget.

7-TOGET: Startar ved Florø kyrkje og går rett austover Hans Blomgata (Skolegata), ned Torggata og vestover igjen til Fram, ned Fugleskjærsgata og austover Strandgata til Torget. Foto:

"Ein fantastisk start på dagen! Ingenting er flottare enn å gå i byens gater og nyte soloppgang over fjella i aust, nyutsprungen bjørk, norske flagg og hornmusikk!"  skriv 17. mai-komiteen i årets program.   

Morgonprosesjonen er ein fantastisk start på dagen! Ingenting er flottare enn å gå i byens gater og nyte soloppgang over fjella i aust, nyutsprungen bjørk, norske flagg og hornmusikk! 

17. mai-komiteen i Florø om sjutoget

07.30: Ina Martine Brendø er konfransier på Torget. Hornmusikken speler "Sang for Florø" før Hilmar Eliasson held ord for dagen. Deretter speler Hornmusikken "Ja vi elsker".

09.00 Oppstilling til barnetoget

09.30: Salutt, Florø Hornmusikk speler 1.- og 7. vers på "Ja vi elsker".

BARNETOGET: Barnetoget startar ved Florø barneskole. Går vestover Hans Blom gata til Torggata og sørover langs vannveien til Florø Omsorgssenter. Der snur toget og går nordover Torggata til Strandgata og vestover. Ved Fram går toget austover Markegata igjen og opp Livius Smithgata til Michael Sarsgate og vestover til Florø kyrkje.

BARNETOGET: Barnetoget startar ved Florø barneskole. Går vestover Hans Blom gata til Torggata og sørover langs vannveien til Florø Omsorgssenter. Der snur toget og går nordover Torggata til Strandgata og vestover. Ved Fram går toget austover Markegata igjen og opp Livius Smithgata til Michael Sarsgate og vestover til Florø kyrkje.

Som alltid ender barnetoget opp i kyrkjeparken. Parken vil nok framstå lysare og finare enn på lenge, sidan det har vore gjort eit godt stykke arbeid på nordsida av Lilleåsen med å fjerne skog og plante til.

Dina Bovim er konfransier ved minnestøtta for dei falne. Florø Hornmusikk speler "Gud signe vårt dyre fedreland" før det blir kransepålegging av Florø skytterlag, Idrettsrådet og Flora Musikkråd.

Ordførarkandidat for Kinn SV, Marie Øverås Jensen skal halde talen ved minnestøtta i år.

10.00: Havglytt opner dørene, arrangement i regi av Florø Pensjonistlag

11.00 Gudsteneste, Høgtidsgudsteneste i Florø kyrkje

12.00 Siri Helle og Inge Reksten underheld på Flora omsorgssenter

Arrangement på skulane

Florø barneskole

10.30-13.30: Barneleikar på skoleplassen på Florø barneskole. Det er femteklassane ved skulen som alltid har ansvaret for arrangementet 17. mai.

Florø Skoles Musikkorps speler på skuleplassen klokka 11.00.

Krokane skule

KROIKANETOGET: Startar ved sjukeheimen ned Jakob Sandeveg og vestover Selhaugvegen opp Bekkefaret til Jakob Sandeveg og sørover over rundkøyringa til Krokane skule.

KROIKANETOGET: Startar ved sjukeheimen ned Jakob Sandeveg og vestover Selhaugvegen opp Bekkefaret til Jakob Sandeveg og sørover over rundkøyringa til Krokane skule. Foto:

11.45: Krokanetoget: Floraskulen Brassband fører an.

12.30: Barneleikar på Krokane skule. Her blir det song ved 4. klassingane, tale for dagen ved avgangselevane i 7. klasse og drilloppvisning ved Florø Drill.

Torvmyrane skule

12.45: Song ved 3. klasse og tale ved 7. klasse. Floraskulen Brassband og Florø Drill deltek på arrangementet.       

NB: å grunn av ombygging av skulen blir det ikkje arrangement ved Brandsøy skule i år.

Gratis kino og mannskor

13.00: Disney-filmen "Bolt" blir presentert gratis i kinosalen.

15.00: Timen før borgertoget, er det byens mannskor, Gammen, som skal halde sin etterkvart tradisjonsrike konsert på Rådhusplassen.

15.00 Siri Helle og Inge Reksten underheld på Furuhaugane omsorgssenter 

Borgertoget

BORGERTOGET: Startar mellom Florø barneskole og SMS. Går vestover Hans Blom gata til Torggata og sørover langs vannveien til Florø Omsorgssenter. Der snur toget og går nordover Torggata til Strandgata og vestover. Ved Fram går toget austover Markegata igjen og opp Livius Smithgata til Michael Sarsgate og vestover til Florø stadion.

BORGERTOGET: Startar mellom Florø barneskole og SMS. Går vestover Hans Blom gata til Torggata og sørover langs vannveien til Florø Omsorgssenter. Der snur toget og går nordover Torggata til Strandgata og vestover. Ved Fram går toget austover Markegata igjen og opp Livius Smithgata til Michael Sarsgate og vestover til Florø stadion.

16.00: Oppstilling ved Florø barneskole. Florø Hornmusikk speler 1. og 7. vers av "Ja vi elsker" før flaggborga marsjerer vestover Hans Blomgata. Alle dei tre korpsa pluss Florø Drill er med i Borgertoget i år.

Borgertoget ender opp ved Florø stadion der Florø Hornmusikk speler 1. og 7. vers av nasjonasongen på nytt. Thor Albrektsen er konfransier og det er ordførar Ola Teigen som skal halde tale for dagen.

Årets russepresident, Solveig Knapstad skal deretter halde sin tale. Her blir det utdeling av dei kommunale prisane og Florø Sanitetsforening deler ut prisen etter "Blås Grønt"-aksjonen som tradisjon tru er natt til 17. mai. 

Artikkeltags