Ny flyaktør til Florø

SER LOVANDE UT: Bjørn Hollevik, leiar i Flora Industri og Næringsforening, FIN meiner næringslivet er blitt høyrde på makspris og frekvens i eit konkret ruteopplegg eit nytt flyselskap har for Florø. På årsmøtet i FIN 14. april presenterer dei seg.  Foto: Dag nesbø frøyen

SER LOVANDE UT: Bjørn Hollevik, leiar i Flora Industri og Næringsforening, FIN meiner næringslivet er blitt høyrde på makspris og frekvens i eit konkret ruteopplegg eit nytt flyselskap har for Florø. På årsmøtet i FIN 14. april presenterer dei seg. Foto: Dag nesbø frøyen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

I dag mista Florø Lufthamn kveldsrutene og flyprisane steig til vêrs. Men no kan alternativet til Widerøe komme, og det er ikkje ein aprilspøk.

Til årsmøtet til FIN torsdag 14. april kjem ein flyaktør og presenterer eit konkret opplegg med flyruter frå Florø til Oslo og Bergen.

Det er Næringsselskapet Fram Flora som har jobba fram denne løysinga etter at dei fekk i oppdrag ifrå politikarane å kontakte ein utfordrar til Widerøe i Florø. For frå og med i dag 1. april vart Florø Lufthamn heilkommersialisert og Florø er ute av fotrutenettet som betyr at flyplassen ikkje lenger har eit minimumstilbod lik dei andre flyplassane i fylket.

– Vi er framleis i mot

– Vi var sterkt i mot at Florø mista fotrutene. Vi har i dag ein aktør som rett og slett har misbrukt marknadsøkonomien noko som går ut over oss, slår leiar i Flora Industri og Næringsforening, Bjørn Hollevik fast. Dei 75 medlemsbedriftene har ikkje akkurat jubla over at rutene blir ferre og at prisane steig. 

Og Hollevik er tydeleg på at slik situasjonen er i Florø no er det behov for tiltak då kommersialiseringa av Florø har gitt ei konkurransevriding.

Ordførar Ola Teigen støttar FIN si uttale om saken og meiner det ikkje er grunnlag til å drive konkurranse i Florø. Dette då Widerøe er ein for sterk aktør på kortbanenettet. Dette har han signalisert overfor samferdselsdepartementet, men dei har ikkje vore interessert i å snakke om tiltak som kan sikre tilbodet for folk i Florø, og for kommunane i nord som har sokna til lufthamna i kystbyen.

Teigen trur framleis ikkje det er grunnlag for konkurranse i Florø, men synest det er spennande med denne nye aktøren som vil gi eit betre tilbod.

- Konkurranse meiner eg er positivt, men eg fryktar det blir kortvarig. For det er simpelt hen ikkje stor nok trafikk for to aktørar, seier Teigen. 

Snakka med over 100

Lone Bareksten i Fram Flora fortel dei har snakka med over 100 flyselskap i Skandinavia med potensial til å produsere ruter frå Florø. Dette blei raskt ei handfull og no er det ein aktør som står igjen, men den har eit konkret opplegg på gang, om næringslivet er interessert i å bruke det, vel å merke.

– Både frekvens og makspris, som FIN og politikarane i Florø har spelt inn som spesielt viktige faktorar, er teke høgde for i det opplegget vi har fått presentert. Vi skjønner at dette selskapet ønsker eit føreseieleg grunnlag og ein lojalitetsgaranti ifrå næringslivet, noko dei kjem til å forklare oss under årsmøtet, men det eg har sett til no gjer at eg er ein glad mann i dag, seier Hollevik og smiler.

Ein lojalitetsgaranti betyr at næringslivet forpliktar seg til å kjøpe eit visst tal flybillettar over ein viss periode slik at ein har grunnlag for ei etabering  

Det er ingen som ønsker å gå ut med kven aktøren er før årsmøtet.

Artikkeltags