– Gler oss til også å vise nyebutikken

Dagleg leiar Frode Standal i Solheim Diesel

Dagleg leiar Frode Standal i Solheim Diesel Foto:

– Vi kjem til å vere tilstades på båtmessa, men ønsker også invitere folk innom vår nye storbutikk.

DEL

Dagleg leiar Frode Standal og Solheim Diesel opna ny stor butikk på heile 1300 kvadratmeter i vinter. Sidan den ligg berre eit solid steinkast unna båtmesse-området, vil dei vere tilstades på sjøen på båtmessa med to av bestseljarane sine, Quicksilver Pilothouse og Grand. Sistnemnde ein båt i samme klasse som Øien sine opne båtar til fiske og hytteformål. 

– Salet av båtar har gått over all forventning dei siste månadene. Det er ikkje alltid så lett å forstå variasjonane i sal frå år til år eller til ulike årstider.  Vi har i alle fall hatt ei flott omsetning i vinter/vår. Kanskje har opninga av den utvida butikken vår hatt ein effekt, seier dagleg leiar Frode Standal.

Flo og fjære 2019

Foreininga Byen Vår Florø ønskjer utstillarar og besøkande velkomen til den årlege, sjarmerande og trivelege båt- og bymessa Flo & Fjære – midt i Florø sentrum 4.-5. mai.

Flo & Fjære er eit arrangement for liten og stor, og for alle med interesse for båtar – og god brygge- og gatestemning. På Florevika Gjestebrygge vil det bli båtutstilling av nye båtar, og også plass til gjestebåtbesøkande. Og det blir trivelege aktivitetar for heile familien – midt i Florø sentrum, Norges vestlegaste by!

Til dagleg styrer han verkstaden til Solheim Diesel i Håvågen, medan Kurt Hellesen er butikksjef.  

Seljar Kurt Hellesen har mykje båtar å viser fram i butikken.

Seljar Kurt Hellesen har mykje båtar å viser fram i butikken. Foto:

I tillegg til innandørs båtutstilling er den største forandringa kanskje at dei har utvida vareutvalet med verktøy. Der meiner dei at det har opna seg ein marknad etter at Jernia la ned på Amfi.

– Kundane merka det når Jernia forsvann, og vi har fått ein del spørsmål om verktøy, så her meiner vi det kan vere ein nisje for oss. Vi har ein del verktøy, og har prøvd å finne ein god balanse mellom kvalitet og pris. I tillegg har vi ein del arbeidsklede, og frå før har vi satsa mykje på hytteprodukt det siste året.

Etter utvidinga har Solheim Diesel blitt ein kombinasjonsbutikk. Dei har både båtar, båtutstyr, i tillegg til verkstad og andre produkt. Den typen butikkar er det ikkje så mange av i Norge. Hellesen og Standal gler seg til å få reaksjonen frå kundane, og kanskje særleg turistane.

– Kundane skryt av oss allereie, det er gode tilbakemeldingar over heile linja. Men eg gler meg til å høyre kva turistane seier når dei kjem innom og ser kor stort og fint vi har fått det.

Artikkeltags