Seglbåt brann ut og sokk ved kai

Av

Ein seglbåt byrja å brenne i Håvågen i Florø i dag i 15.30-tida. Det tok også fyr i brygga og båtar rett ved.

DEL

Brannvesenet rykte ut med full styrke, men seglbåten er totalskadd og sokk ved kai.

I Håvågen i Florø låg ein seglbåt til land i brann, opplyste Vest politidistrikt litt over halv fire i dag.

Båten ligg i nærleiken av Solheim Diesel sin båt- og motorverkstad, som ligg 30-40 meter unna. Det er også anna bebyggelse ganske nær brannen, men det er lite truleg at den er i fare. Brannen i seglbåten utvikla enorme mengder røyk og det lukta svidd gummi lang lei. Båten er eigd av ein mann i Florø.

– Det er meldt om at båten står i full fyr, og at det brenner i bygga. Det skal også vere skade på ein annan båt, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda innleiingsvis.

Naudetatane var raskt framme på staden, og brannen blei meldt slokkt klokka 16.41.

Magnussen fortel at dei ikkje har opplysningar om at det har vore personar i båten. Det blei seinare meldt om båten sokk og at berre baugen som stod på grunna stakk opp. Seglbåten er totalskadd. Det også skade på trebrygga og truleg to av nabobåtane. Brannårsaka er ikkje avklart enno.
 

    Artikkeltags