Bøndene krev kraftig reduksjon av hjortestammen

Ikkje berre russen som likar seg ved rundkøyringar og søker etter drivstoff.

Artikkelen er over 1 år gammel

I desse dagar ser ein stadig hjort som beitar i bynære strøk og på bøane til bøndene.

DEL

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag har skrive brev til kommunane og minner om at hjorten "kostar meir enn den smakar" for deira næring.

– Den beitar kraftig ned graset på dyrka mark og mange bønder opplever at graset er vekke når haustinga tek til. Særleg vert dei dyktige bøndene som snur jorda råka, står dei i ei fråsegn frå bondelaget.

Dei vedgår at det er interessemotsetningar også hos dei, men meiner at ein må ta omsyn til dei bøndene som driv profesjonelt og skal leve av gardsdrifta.

- Skal ein få ein varig reduksjon av hjortestammen, må avskytinga aukast monaleg dei kommande 2-3 åra., Vi må også sikre rekruttering av nye jegerar, påpeikar bondelaget i eit skriv til kommunane.

Også NOAH for dyrsrettigheter kommuniserer svært aktivt inn mot forvaltninga for tida. Dei legg inn protestar både på skadefelling av gås og hjort. Dei oppfordrar kommunane og fylkesmennene om å vere svært restriktive ut frå dyrevernomsyn. Dei viser til naturmangfaldlova paragraf 15: "Unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres leir skal unngås. Likeledes skal unødig jaging av viltlevende dyr unngås."

NOAH viser til at erfaringane med å gjerde inne område med eletriske gjerde er gode. Det har vore gjort med hell på til dømes Florø kyrkjegard.

Artikkeltags