Tom Ivar Brate i arbeid ombord på "Fabrikklaget II"

Tom Ivar Brate i arbeid ombord på "Fabrikklaget II" Foto:

Treng naudhjelp til å berge Florø-skute

Eit solid stykke maritim Florø-historie står i fare for å ende opp som som peisved.
Publisert
DEL
Eit solid stykke maritim Florø-historie står i fare for å ende opp som som peisved.

Trebåtentusiast Tom Ivar Brate har jobba mange år for å sette i stand den 40 fot lange skøyta "Fabrikklaget II", som fungerte i mange år som fabrikkbåt for Sildefiskernes Fabrikklag i Florø. Den vart bygd i Rognan i Nord-Norge i 1947, men blei ikkje brukt mykje til fiskeri. Den var ein såkalla reisande-båt for å hente stykkgods og andre ting som sildeoljefabrikken i Florø hadde behov for.

Noverande eigar,  Tom Ivar Brate i Ålesund, sette den på slipp på Mellomværftet i Kristiansund i 2014. Men jobbsituasjonen til den sjølvstendig næringsdrivande sivilingeniøren har endra seg og han har ikkje lenger friheit til å jobbe på skuta i så lange periodar som før.

- No har eg fått beskjed om at båten må ut av verftet- elles kjem dei meg gravemaskina og knusar den. Det skal arrangerast Kystvestival  til sommaren og det må ryddast opp , fortel Brate.

"Fabrikklaget II" med skipper Alfred Grønnevik bak.  Her på tur til Nordalsfjorden i 1964-65. Fremst i baugen son til Alfred Grønnevik. Elles ser vi familien Ottesen. Per Ottesen, Målfrid Ottesen og barna Trygve, Reidun og  Per Vidar. Svoger Egil og Norunn, søster av Målfrid Ottesen er også med på bildet.

"Fabrikklaget II" med skipper Alfred Grønnevik bak. Her på tur til Nordalsfjorden i 1964-65. Fremst i baugen son til Alfred Grønnevik. Elles ser vi familien Ottesen. Per Ottesen, Målfrid Ottesen og barna Trygve, Reidun og Per Vidar. Svoger Egil og Norunn, søster av Målfrid Ottesen er også med på bildet. Foto:

Han ønsker no å fri til lokale båtentusiastar og historieinteressert i Flora. Draumen er å få lage ei stifting, som kan reise kring ein million i kapital for å få fullført skiftinga av spant og gjere båten sjødyktig igjen.

- "Fabrikklaget II" kan gjerne få heimehamn i Florø, berre eg kian få bruke den eit par veker  i året. Eg jobbar gjerne vidare på fritida for å få sett båten i stand, understrekar han. 

Forliset til Poseidon ved Gunnhildvågen. Her ser vi "Fabrikklaget II" i hekken på havaristen.

Forliset til Poseidon ved Gunnhildvågen. Her ser vi "Fabrikklaget II" i hekken på havaristen. Foto:

Den er solid konstruert med tette doble spant, med andre ord berekna på hardt arbeid i ishavet og tung last. I tillegg til å vere fabrikkbåt for sildeoljefabrikken i Florø har den også vore brukt til å frakte sildemjølsekkar til Vestlandske Felleskjøp . Den har også frakta tømmer i fjordane. Etter åra i Florø enda båten opp på Moltustranda på Møre, der Brate seinare kjøpte den. 

Eg prøvar no å redde denne båten. Skal eg klare det - må eg få til noko som er større enn mitt private initiativ til å ta tak i det.

Tom Ivar Brate, Ålesund

Motoren som stod i den var ein Volda semidiesel med 22 hk. Den er teken var på i eit privat museum i Nord-Norge.

- Eg har kontakt med dei som har maskina og den kan vi få att og montere inn att i båten, fortel Brate.

Brate trur at det kan la seg gjere å få den på sjøen att ved å få samla inn ein million kroner. Då tenker han seg å bruke pengar på å få tak i rette typen tømmer og at frivillige kan gjere ein del av jobben. 

- Fann båten som del av eit dødsbu. Den var fullstendig ombygd, men då historia om "Fabrikklaget II"  dukka opp, sette eg den opp på slippen i Kristiansund. Den har stått der i to år og fått nye spant og botnboltar i den. Frå i sommar av skulle eg etter planen jobba med rekonstruksjonen av den med nye materialar, forklarer han.

"Fabrikklaget II" på land.

"Fabrikklaget II" på land. Foto:

Han har samla mykje informasjon om skipper Alfred Grønnevik og familien til disponent på sildoljefarbrikken i Florø, Per Ottesen.

- No håpar eg at det finnes interessentar i Florø-regionen som kan vere med på prosjektet. Dessutan håpar eg på støtte frå til dømes sildesalslaget. Musea i Norge har så trang økonomi at dei knapt har pengar til kopipapir.

Sildoljefabrikk i Florø

Første sildoljefabrikk vart bygd i Florø allereie i 1910.

I 1952 bygde Sildefiskernes Fabrikklag stor sildeoljefabrikk i Gunhildvågen. Denne tok imot 80.000 hektoliter i døgnet, og 10 båtar kunne losse samstundes. I toppsesongane på 1950-talet hadde fabrikken 220 personar i arbeid. Då vintersilda tok slutt i 1959, gjekk denne og andre sildoljefabrikkar over på sild og makrell frå Nordsjøen.



 

Artikkeltags