Eldre har budd på tremannsrom på Furuhaugane i eit halvt år

TRONGT: Eldre med fast plass på Furuhaugane har nyleg budd på tremannsrom.

TRONGT: Eldre med fast plass på Furuhaugane har nyleg budd på tremannsrom.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Dei som bur fast på ein sjukeheim skal eigentleg ha einerom. Folk på sjukeheim har ikkje noko lovleg krav, men det er noko Stortinget og regjeringa har signalisert er ein rett dei fastbuande skal ha. Men i Florø finst det eldre som må klare seg med eit lite hjørne i enden av eit rom.

– Eg hadde i alle fall håpt at mamma skulle få sitt eige rom til jul, men det ser jo ikkje slik ut, seier Bjørg Jagedal til NRK Sogn og Fjordane

Mor til Bjørg Jagedal er 93 år gamal, og har fått fast plass på sjukeheimen på Furuhaugane i Florø. I meir enn eit halvt år har ho delt rom med to andre personar som ho ikkje kjenner.

Torer ikkje høyre på radio lenger

– Det er veldig vanskeleg for ho. Ho sit klemt opp i ei gardin, og har ikkje noko privatliv. Før sat ho alltid og høyrde på radio, no torer ho ikkje, for ho vil ikkje forstyrre dei andre på rommet, seier Jagedal og legg til at mor hennar ikkje er den einaste som må finne seg i slikt.

Ordførar i Flora Ola Teigen (Ap) fortel at det ikkje skal vere slik at fastbuande på sjukeheimen skal måtte dele rom med andre.

– Vi har alltid praktisert det slik at folk som bur fast på sjukeheimen i Florø, dei skal ha einerom. Slik praktiserer vi det framleis, seier Teigen.

Like fullt har 93-åringen, som har fast plass på sjukeheimen, budd på rom med to andre ho ikkje kjenner i eit halvt år.

– Det er ikkje slik det skal vere. Det hender at folk som bur på sjukeheimen mellombels må dele rom med andre, men dei fastbuande skal ikkje det, slår ordføraren fast.

Moralsk forkasteleg

Generalsekretæren i Pensjonistforbundet, Harald Olimb Norman kallar tilfellet moralsk forkasteleg.

– Det skal ikkje vere slik i 2017, og eg blir veldig lei meg når eg høyrer om fastbuande som må bu på rom med to andre, og som må feire jula slik. Det er moralsk forkasteleg å behandle eldre folk slik, seier han.

Artikkeltags