Thomas tok NM-tittelen i Street Workout

Thomas Kloster-Jensen.

Thomas Kloster-Jensen. Foto:

Florø-busette Thomas Kloster-Jensen kapra ein sterk NM-tittel i Street Workout då han besøkte heimbyen Oslo i helga.

DEL

Interessa for biologi, naturen og havet spesielt har ført Oslo-mannen Thomas Kloster-Jensen til det regnvåte Vestlandet og kystbyen Florø. Han jobbar som fiskehelsebiolog i Stim Florø, firmaet som inntil nyleg heitte Fishguard Florø.

(Sjå video frå NM nedst i saka)

Street workout er ei urban konkurranseform, som ein kan sjå i utøvd i offentlege parkar i større byar som til dømes New York. I folkeparkane er det montert stativ og treningsapparat, der ein brukar si eiga kroppsvekt for å trene styrke og halde kroppen i form. Denne treningsforma vart utvikla i det gamle Hellas, men har i moderne tid utvikla seg til ei populær folkerørsle i mellom anna Russland, Aust-Europa og USA. Også i Kina ser ein slike treningsapparat utplassert i folkeparkane.

Under NM i Oslo i helga var det 66 deltakarar og det vart konkurrert i klassane freestyle og power. Thomas Kloster-Jensen vart vinnar i klassen power med 14 pull-ups og 17 dips (armehevingsøvingar) . Han hadde høvesvis 32 kilo og 48 kilo ekstravekt i øvingane.

- Alt handlar om eigenvekt-trening. Det er ein trend som er veksande. Ganske kult at du kan trene nesten kor som helst- i byen eller i naturen. I store byar i Europa er det slike treningsparkar nesten for kvar bydel. Det er ulike greiner innafor idretten. I freestyle har du øvingar som til dømes «human flag». Det ser spektakulært ut, men er ikkje så tungt fysisk. Eg for min del likar best power-øvingane. Vi kallar sjølve konkurransane for «Street workout», forklarer den nybakte NM-vinnaren.

Street Workout er relativt nytt i Norge. Ein del stader har fått såkalla tufteparkar til eigenvekt-trening.

- Eg likar eigenvekt-trening fordi det er så enkelt og leikent. Det var jo slik vi heldt på i barndommen med klatring og turning i stativ. Ein treng ikkje mykje utstyr for å ha ei god treningsøkt.

Artikkeltags